eikelovfotEikefjord fotball er ei av fleire grupper som er underlagt Eikefjord idrettslag.
 
Fotballgruppa har stor aktivitet, særleg i sesongen frå april til oktober. Då reiser lag på bortekampar og det blir arrangert heimekampar i Kvalvika. Elles har også alle lag frå 5-åringar til oldboys vekentlege treningar heile året. 
 
Klubben har utarbeida klubbhandbok, som er eit styringsverktøy for drifta av organisasjonen, og sportshandbok som gjeld den sportslege kvaliteten. 
 
 
 
 
Fotballgruppa har vore stolte arrangørar av bl.a. Eikefjord cup for menn, Kongleriketurnering for 5- til 10-åringar, Tine fotballskule og futsalturneringar. 
Styret består av 6 medlemmar pr no, men leiarrolla er ikkje besett på fast basis. Fotballgruppa treng altså ein person for denne rolla. Ein periode for medlemmar er 2 år. 
 
Vi ynskjer at du som les dette, vurderar om du kan gjere ein jobb som leiar for fotballgruppa. Hugs at ditt bidrag gjer ein istand til å halde fram med gode og viktige tilbod i bygda. 
Ta kontakt med valnemda direkte med ditt kandidatur eller spel inn forslag til andre kandidatar. 
 
Liv Torsvik Myrvollen, tlf 936 19 254
Julie Titlestad, tlf 41236951

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2