20180829 300 flojenLørdag kl 13 fortel Rolf Losnegård om Gilgamesh - kongen som nekta å døy ved dagsturhytta på Fløjen vest av Hatlesetnipa. Gilgamesh er verdas eldste forteljing.

Forteljeteateret som publikum skal få oppleve  er ein tilpassa versjon av teaterstykket som Rolf Losnegård har spela på Litteraturhuset i Bergen og rundt om i Sogn og Fjordane.

I forteljeteateret møter den gamle forteljinga det norske eventyret. Gilgamesh er opphaveleg eit epos frå eit område i dagens Irak og bygger på Losnegård si bok om Gilgamesh, ei gjendiktning til nynorsk, engelsk og arabisk.

Rolf Losnegård trur det vert både spennande og inspirerande å bruke norsk natur som arena for den nesten 5000 år gamle forteljinga om kong Gilgamesh. Forteljeteateret varer om lag ein halv time og er gratis.

Berekn ein god times tur frå Grov (parkeringsplassen der stien byrjar). Kl 11.30 startar fellestur for dei som ønskjer å gå i lag. Ta gjerne med niste!

Nynorsk turbibliotek skal også på plass denne veka.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2