VI TEL NED til OPEN DAG på STEINVIK FISKEFARM VISNINGSSENTER med eit utval bilete frå i fjor : Og i år vert det LAURDAG 11. MAI KL : 11-17.

IMG 1390I år vert det den 9. gongen vi arrangerer Open Dag sidan vi opna visningssenteret i 2011.
Besøk og etterspurnad viser at arrangementet vårt er liv laga og veldig populært. Dei 2 siste åra har vi hatt over 1000 besøkande. Og så er det eit familiearrangement med både inngang og alle aktivitetar GRATIS for alle. Nytt i fjor var besøk av veteranbåten Atløy, og vi hadde dåp av arbeidsbåten vår Bruvær med ei 10 år gammal gudmor valt ut etter loddtrekning. Dessutan fekk vi innstalert ekstra akvarium med torsk, sei m.m.
Vi har sikra oss uansett ver, med rikeleg med sitteplassar inne og ute. Det vert telt ute, og varmelamper inne i hallen.

KOM, SJÅ OG OPPLEV : Aktivitetar for alle aldrar og einkvar smak. Fisk i mærane, oppdrettsutstillinga, quiz, fiskekonkurranse for born (vi held fskeutstyret, men ta med redningsvestar for dei minste 0-5 år), veteranbilar, båt-turar, Svanøy Røykeri-stand og Røde Kors- stand, sal av grilla laks m.m. og speaker med høgtalaranlegg. Og sjølvsagt vert dei artige ROGNKJEKSA med, og andre fiskeslag også. Dåp av ny arbeidsbåt vert det også i år- denne gong 24m. lang. Det vert trekking av premiar som alltid. Andre spennande ting dukkar heilt sikkert opp også!

HUGS : GRATIS INNGANG FOR ALLE !
Følg oss på FB-sida og heimesida vår, avisannonser, plakatar og andre nettstader når det nærmar seg.
HJELP oss gjerne med å dela / spreia denne bodskapen vidare.

VELKOMMEN !

IMG 2845

IMG 2812

IMG 2837

IMG 1425

IMG 7182

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2