Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

Eikefjord har fått nytt sokneråd etter valet på mandag. Med ein valdeltaking på 17% ser ein at mindre enn 1/3 av velgarane som var innom vallokalet har stemt på kyrkjevalet.

Det nye soknerådet har følgande medlemmer:  Liv Hjørdis Ullaland, Marit Høyvik, Bjarte Liseth, Svein Jarl Knapstad, , Tanja Mari Løvseth, Lene Marie Vasseth Standal, Frode Svane Steinhovden, Ida Rosita Knapstad.

Det nye soknerådet begynner å fungere i november og vil velge sin leder då.

Vara: Agnieszka Toporska, Haldis Odlaug Eikefjord, Britt Mari Herland Hatleset, Sveinung Atle Aalen, Jeanette Sørbotten,

FJELLET

hovlandstoylen.jpg

Eikefjord

20150911-betnene.jpg

HALLEN

20171105-400-styrke.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com