Share

20190214 600 bruaI førre veke, under arbeidet med budsjettet for 2020, vedtok eit samla fylkesting i Vestland ei løyving på 60 millionar kroner til utbetring av tre bruer langs fylkesveg 542 Hovlandsvegen. Dette er dei tre bruene som er høgt oppe på verstinglista i fylket.

– Dette er ei utruleg kjekk julegåve til Eikefjord. No har vi oppnådd ein særs viktig milepæl med tanke på realisering av gang- og sykkelveg frå skulen og vestover, seier leiar Brigt Samdal i gang- og sykkelstigruppa til Eikefjord grendelag.

– Dei tre bruene vil bli bygd i tråd med detaljreguleringsplanen som er vedteke, og som legg til rette for gang og sykkelveg langs Hovlandsvegen, seier Samdal.

Etter at ein kontroll av bereevna til bruene, konkluderte Statens vegvesen med at det stod mykje verre til enn dei først trudde: Bereevna til bruene var svært dårleg. Noko måtte gjerast, og det raskt. I påvente av den endelege oppgraderinga, valde vegvesenet først å snevre inn vegbana til eitt køyrefelt. Deretter forsterke bruene med store berebjelkar under. Etter at forsterkninga var gjordt opna dei bru i full bredde igjen.

Les meir i Firdaposten

FJELLET

hovlandstoylen.jpg

Eikefjord

20150315-blanipa.jpg

HALLEN

20170511-400-hallen.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com