20200313 250 stengtEikefjord idrettslag avlyser all organisert aktivitet i Eikefjord for å bidra til smittevern i bygda.

Eikefjord ski, fotball, handball, basket, badminton og friidrett kansellerer alle sine organiserte treningar. Florø Volleyball (som har sine treningar i Eikefjord fleirbrukshall) gjennomfører same tiltak, og avlyser alle treningar.

Eikefjord IL Friidrett avlyser gruppetreningane i hallen i kveld, torsdag 12.03.20, og stenger Eikefjord Treningssenter (ETS) frå kl 18 i kveld, og førebels til 30.04.20.

Eikefjord idrettslag vonar alle medlemmer og sambygdingar ellers vil halde seg friske gjennom pandemien. Følg FHI sine tilrådingar, hald dykk i aktivitet, og velkomen attende når vi kan møtast til trening att!

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu