20200803 300 bil01Mandag ettermiddag var det ei alvorleg trafikkulykke på riksvegen mot Florø. Ein bil kom ut for asfaltkanten og havna i fjellveggen i svingane rett innanfor dei fråflytta gardane på Tonheim. Det var ingen andre involvert i ulykka.

Passasjer vart sendt med ambulansehelikopter til sentralsykehuset i Førde medan sjåføren vart sendt med ambulanse. Skadeomfanget er ikkje kjent.

 Vegen vart stengd som følge av ulykka og det samla seg fort lange køer på begge sider av ulykkesstaden. Så snart dei forulykka var tatt hand om og sendt til sykehus og politiet hadde sikra spor blei køene dirigert forbi ulykkesstaden. 20200803 600 bilVegen vart igjen stengd ein liten periode for å fjerne bilen frå ulykkesstaden.

Politiet opplyser tirsdag at passasjeren i bilen døde på sykehuset

FJELLET

20140601-625-grunnevatnet.jpg

Eikefjord

20150517-toget.jpg

HALLEN

20170401-basket.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com