- Det gjekk over all forventning og enda slik eg håpa.

Det seier styreleiar i korpset, Cathrine Holsen Gardner til Firdaposten. Torsdag kveld møttes musikantar og korpsforeldre for å diskutere stoda rundt det 54 år gamle skulemusikk-korpset i Eikefjord.

- Signala var tydelege frå både foreldre og ungar: Alle vil dra lasset og forsøke å rekruttere fleire medlemmer til korpset, seier Cathrine vidare.

Allereie torsdag er det klart for øving, både for korpset og for aspirantane. Vi har rom for fleire, så det er berre å kome. Dersom det er ungar i Norddalsfjord, i Naustdal eller andre bygder som har lyst å bli med oss, så er dei sjølvsagt hjarteleg velkomne.

Les meir i Firdaposten

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu