20200905 300 monicaMed nedstenging av Norge og stengte treningsfasiliteter fekk idrettslaget ei utfordring. Kva no? Løysinga var rett utanfor stuedøra til alle i Eikefjord, ta i bruk naturen.

Med appen Trimpoeng klarte idrettslaget å få «alle» ut av sofaen, også mange av dei som tidlegare ikkje var å finne på stiane i skog og fjell. Med konkurransen om å ha mest poeng blei det reine folkevandringa, spesielt på poengruta mellom Knapstadstøylane og Kvalvikstøylen med mellomliggande stadar.

På åpninga av Tursti Sørmarka var det høgtidleg utdeling av diplom og premier til turfolket. Det var registrert 453 turdeltakere og det var 51 turmål i Eikefjord IL sin konkurranse. Monica Knapstad vart til slutt suveren vinnar med heile 4002 poeng.

Vinnar av klassen 12-16 år var Magnus Ullaland Endestad, og over 69 år Ragnhild Høyseth

14 deltakarar har gått alle dei 51 turane


I beskrivelsen til appen lovar Eikefjord IL å fortsette med dersom den fungerer bra. Den har ikkje berre fungert bra – den har vore ein braksuksess. Vi vil ha meir!!!!

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2