Eikefjord SkulePå grunn av at Eikefjord barne- og ungdomsskule over tid har ligge noko lågare enn nasjonalt når det gjeld kategoriane meistring, trivsel og motivasjon på 10. årssteget i Elevundersøkinga har Fylkesmann hatt tilsyn med Eikefjord skule.

Tilsynet gjaldt heilt konkret skulen sin aktivitetsplikt for å sikre at elevane har eit trygt og godt skulemiljø, og plikta til å undersøke og setje inn tiltak eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø.

Fylkesmannen fann fleire avvik. Dei mest sentrale funna frå tilsynet er:

– Skulen sikrar ikkje at ein undersøker saker tilstrekkeleg grundig når dei har mistanke om, eller kjennskap til, at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Ein sikrar heller ikkje at elevar som saka gjeld får uttale seg om kva som skal vere innhaldet i aktivitetsplanen.

– Ein sikrar ikkje at skulen sett inn eigna tiltak om ein elevs rett til eit trygt og godt skulemiljø ikkje er oppfylt.

– Skulens aktivitetsplanar er ikkje i tråd med krava i § 9 A-4 sjette ledd.

– Ein følger ikkje opp at skulen gjennomfører tiltak i tråd med aktivitetsplanen.

– Ein syter ikkje for at skulen tilpassar tiltaka basert på informasjon om korleis tiltaka har verka og eleven sitt syn.

Vidare ser Fylkesmann at skulens valgte tiltak i nesten alle tilfelle er samtale. Det går ikkje fram kva det skal samtalast om, eller korleis samtalene skal bidra til å avhjelpe problemet. Samtaler vil i stor grad vere nyttig å gjennomføre i undersøkingsfasen, men utan ei skildring av korleis samtalen skal bidra til å avhjelpe problemet, vil det ikkje vere eit eigna tiltak i ein aktivitetsplan.

For nokre tiltak er det sett opp at det er elevar eller foreldre som i praksis er ansvarleg for gjennomføringa av tiltaka. Til dette vil Fylkesmann kommentere at skulen gjerne må oppfordre dei føresette eller elevar til å gjennomføre aktivitetar, men dette kan ikkje vere tiltak i ein aktivitetsplan.

Fristen for retting av desse avvika gjekk ut i førre veke.

– De skal setje i verk tiltak for å rette brot på regelverket straks. Når pålegga er retta, skal de erklære at rettinga er gjennomført og gjere greie for korleis de har retta. Fristen er 15. september 2020. Vi vil ikkje avslutte tilsynet før de gjennom erklæringa og utgreiinga har vist at pålegga er retta, skriv fylkesmannen i følgebrevet.

Les meir i Firdaposten

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu