20201230 300 bruaFor ca 20 år sidan blei den første stølsbrua bytta ut med ny bru. No var det på tide å bytte på ny, Idrettslaget har tatt initiativ og handla inn impregnert materiale og spurt om løyve til å hogge nokre solide tre til bærebjelker.

Transporten av materialane frå rasteplassen til byggeplass var den enklaste jobben. Eit lite skilt der ein bad turgåarar ta med plankar oppover og jobben var gjordt unna på to dagar. Ei stor takk til alle som har bidratt.

 

Sjølve bygginga var gjordt unna på fem timar. Per-Øyvind Sørbø, Dan Kåre Esp, Lars Fraas og Odd Asle Endestad brukte dagen godt og ut på ettermiddagen kunne ein atter gå over brua.

Rekkverk er også på gang og vil komme opp så snart som mulig for ein god dugnadsgjeng.

Per-Øyvind var med og bygde den gamle brua og den siste som gjekk over før riving.

20201230 600 brua01

Bjelkane under brua brotna av seg sjølv når dei vart rivne ned. Eit ekstra kapp så kunne dei bærast vekk. Tydlegvis på tide med ny bru.20201230 600 brua02

FJELLET

20060611-550-vikan08.jpg

Eikefjord

20150814-kakebord.jpg

HALLEN

20170517-400-toget.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com