20210914 400 kyrkjaTil organisasjonar og fastbuande i Eikefjord sokn.

Kyrkja i Eikefjorden er ei av 7 kyrkjer i Kinn kommune.

Det har den siste tida vore arbeidd mykje med kartlegging av trongen for vedlikehald av alle desse bygga. Kyrkja vår i Eikefjord skal i dei næraste månadane gjennomgå eit stort arbeid med ma reparasjon av tak.

 

Men kyrkja er meir enn bygningen som vi ser når vi går eller kjøyrer forbi.
Kyrkja er også dei som arbeider der og skaper aktivitet i kyrkja og bygda med andakter på omsorgstunet, babysong, konsertar, møte med skuleelevar og konfirmantar. Kyrkja er også dei som bidreg som frivillige og ikkje minst alle som bruker kyrkja og deltek i dei ulike aktivitetane.

Kinn kyrkjelege fellesråd har utfordra soknerådet til å seie noko om kva kyrkja betyr for folk i bygda.

Eikefjord sokneråd vender seg difor til dei ulike organisasjonane og laga i Eikefjorden for å få kunne gje eit svar som er i tråd med det folk i Eikefjord og bygdene rundt er opptekne av når det gjeld kyrkja og ikkje berre soknerådet sitt syn.

 

Kva bruker vi kyrkja til i dag?

Kva av dette er det viktig at vi også har i framtida?

Korleis tenker de at kyrkja kan endre seg for å vere ei god og aktiv kyrkje for folk i Eikefjord også i framtida?

Kva ønsker vi meir av? Kva er mindre viktig?

Svein Knapstad, Frode Steinhovden, Tanja Løvseth, Ida Rosita Knapstad, Bjarte Liseth, Liv Hjørdis Ullaland, Lene Marie Vasseth Standal, Marit Høyvik, Jorun Knapstad

Soknerådet ønsker innspel på desse spørsmåla. Vi vil så samanfatte det vi får av tilbakemeldingar til eit felles skriv som vi sender tilbake til fellesrådet som Eikefjordingane sine synspunkt.

  

Mvh Eikefjord sokneråd

 Svein Knapstad, Frode Steinhovden, Tanja Løvseth, Ida Rosita Knapstad, Bjarte Liseth, Liv Hjørdis Ullaland, Lene Marie Vasseth Standal, Marit Høyvik, Jorun Knapstad
Vara: Halldis Eikefjord, Brit Marit Herland Hatleseth, Sveinung Aalen

Ta kontakt med ein av oss eller send mail til [email protected]

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2