20211114 aalenGrunneigar Sveinung Aalen fremja planinitiativ for deler av gb.nr 55/7, med hjelp av landskapsarkitekt Øystein Aalen. Formålet med planen er å legge til rette for bustader med tilhøyrande anlegg på deler av gb.nr 55/7 i Eikefjord.
Utbygging av bustader vil styrke Eikefjord sentrum og bidra til god stadsutvikling. Eikefjord treng fleire bebuarar og bustader i sentrum for å bygge opp under dei sentrumsfunksjonane som er der. Bygging av nye bustader med fokus på kvalitetar i uteareala vil være positivt for nærmiljøet.

Kommunen sitt svar er nedslåande lesnad for grunneigar, men også for heile eikefjordsamfunnet som sårt treng nye byggeklare tomter.

Ut frå at førespurd hovudformål med ei evt. regulering er i strid med gjeldane kommunedelplan, må administrasjonen rå frå igangsetting av eit planarbeid med sikte på bustader i aktuelt område. Ei så vesentleg endring av kommunedelplanen, skal etter plan- og bygningslova vurderast gjennom rullering av overordna plan. Kommunen held no på med rullering av kommuneplanens arealdel og kommunedelplan for Florelandet - Brandsøy, slik at arbeid med rullering av kommunedelplan for Eikefjord, vil ligge eit stykke fram i tid.

Er dette ei sak for lokalpolitikarane våre, både Eikefjord og Kinn kommune treng dette byggefeltet.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2