"Midt i hårdest vinter…" received 329956618572830

Godt folk! Adventstida er over oss, med gleder og sorger hand i hand. Du spring gjerne føtene av deg mellom butikkar i vona om oppfylle alle ønske og forventningar, slik at julekvelden blir perfekt? Eller kanskje du er lei av alt ståket og kjøpepresset, og heller vil prøve å finne den gode julestemninga med ro i sjel og sinn?  I så fall har Koriander tenkt å hjelpe deg. Etter koronapause der det meste var uvisst, har koret i Eikefjord på nytt samla seg og funne tonen.  

Søndag 19. desember kl. 19.30 inviterer vi alle, små og store frå fjern og nær, til julekonsert i kyrkja. Saman med skulemusikken og andre lokale aktørar, vil vi prøve å knyte musikalske band til gamle, gode tradisjonar. Og som alltid greier vi det best med ei fullsett kyrkje. Difor vonar vi at du vil ta turen til kyrkja denne kvelden. Så skal vi gjere alt for å gje deg den gode julestemninga.

Vel møtt?

 

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu