Kjære bygdefolk. Grunna nye retningslinjer for smittevern er det gjort nokre endringar på gjennomføringa av billettsal og sjølve julekonserten søndag 19. desember.
 
Det blir to konsertar denne dagen:
Kl. 17.30: Koriander, diverse gjestar og Eikefjord skulemusikk.
Kl. 19.30: Koriander og diverse gjestar (utan skulemusikk)
 
Etter avklaring med kyrkjekontoret er det berre mogleg å selje 76 billettar til kvar konsert.
For å kjøpe billett må du vippse nr. 548116 og skrive kva konsert du skal på og kor mange du betalar for. Om du ikkje har Vipps kan du ta kontakt med Hilde på tlf 90048438 og bestille billettar slik.
 
Billettpris: 200 kr for vaksne og 50 kr for born. 
 
Det blir IKKJE billettsal i døra!
 
Vi set siste frist for å bestille billett til fredag 17. desember kl. 17.00.
 
Når du kjem til kyrkja vil vi ta i mot deg ved hovudinngangen og vise deg til din plass.
Vi gler oss til å få framføre det vi har øvd på i haust og håpar å sjå deg i kyrkja på søndag! ???264880298 618262699596651 6166583851937063206 n

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2