Mistanke om promille
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 1127
Politiet mottok melding kl 1918 om ein bil som køyrde vinglete og hadde vore i grøfta. Personbilen kolliderte med midtrabatten i krysset RV 5 og FV 614 ved Grov.
Det var ingen personskade, men bilen fekk materielle skader. Føraren ein mann i 30 åra, vart tatt med til blodprøvetaking. Sak er oppretta av Flora politistasjon.
Nye fotoboksar i Naustdalstunellen
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 1136
Måndag starta arbeidet med å montere opp to nye fartsboksar i Naustdalstunnelen. Dei reisande har hatt opp til ein halv times ventetid for å følge ledebil gjennom tunellen.
Boksane fungerer på same måten som dei gamle fotoboksane. Vegvesenet har foreløpig ikkje planar om å installere utstyr for måling av gjennomsnittsfart i Naustdalstunnelen.
Julemiddag på Søndag
- Detaljer
- Skrevet av SiljeF.Ø
- Treff: 2020
Det nærmar seg jul og tradisjon med familiejulemiddag på Samlingsheimen vert holdt Søndag 8.desember kl 14.00. Nydeleg juletallerken med ribbe,pinnekjøtt,pølse med tilbehør og heimelaga riskrem og karamellpudding til dessert.
Blå diplom og Tippeliga 2014
- Detaljer
- Skrevet av Fotballgruppa
- Treff: 1960
På heimesida til fotballen kan du lese om Roy Hallstensen og Torbjørn Hopen som fekk utdelt kretsen sin blå diplom for lang og tru teneste, medan Joakim Knapstad går på linja i Tippeligaen også i 2014.