Sirkeltrening
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 175
Vi starter opp sirkeltrening onsdag 7. oktober kl 19.
På grunn av smittefare blir det noko omlegging av korleis sirkeltreninga blir gjennomført, men øvelseutvalget blir som tidlegare.
Ta gjerne med egen matte om du ønsker det.
Treninga passer for dei fleste, kvar enkelt tilpasser øvelsane til sitt tempo. Det blir også gitt råd og veiledning undervegs.
Vel møtt
Bakeriet på Sørbøen
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 324
I helga har det vore hektisk aktivitet ved det gamle bakeriet på Sørbøen. Kledningen mot vegen er bytta ut og bakeriet har no fått fin villmarkspanel og etter at bildet blei tatt er bakeriet også måla.
Bakeriet er det første bakeriet i Sunnfjord og har dermed stor historisk verdi. Ser ein bak bordkledningen ser ein korleis huset er bygt opp.
Kommunen og skulen har jobba mykje med avvika
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 130
Tilsynsrapporten på Eikefjord skule kom i mai, og sidan den gong har det føregått eit stort arbeid med å rette avvika. Det seier kommunalsjef for oppvekst og undervisning i Kinn kommune, Ellen Jåvold til Firdaposten.
– Avvika handlar i stor grad om at dei ikkje har dokumentert nok eller godt nok, og at tiltaka som er sett inn i noko grad har vore for einsidige. Dette er noko vi har tatt innover oss, seier Jåvold.
Kommunen har svart fylkesmannen innan fristen, som var 15. september. I svaret fortel ein korleis både Eikefjord skule og kommunen vil jobbe for å få ein praksis som er i tråd med regelverket.
– Dette er noko vi vil jobbe med i heile kommune, på alle skulane, seier Jåvold.
Fartskontroll på Hovland
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 141
Utrykningspolitiet hadde laurdag fartskontroll på Rv5 ved Hovland i Eikefjord.
– Det vart skrive ut seks forenkla førelegg, fortel politioverbetjent Inge Værøy i UP.
Høgste fart som vart målt var 109 km/t i 80-sona.
Kilde Firdaposten