Svart løype til Eikefjordstøylen
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 160
Vandring frå rasteplassen i Eikefjord er blitt svært populært. Spesielt er turen opp til Eikefjordstøylen brukt av mange.
Vinterstid med frost går denne stien frå å være ein fin rekreasjon til å bli svært farleg. Is legg seg på berg og spesielt i Rømmeskåra er det farleg. Mister ein fotfeste her ber det rett utfor ein hammar og i beste fall ender det med brudd.
Minimum utstyr for ein sikker ferdsel er gode broddar, men sjå til at piggane under ikkje er avrunda på grunn av slitasje.
Ny stølsbru
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 387
For ca 20 år sidan blei den første stølsbrua bytta ut med ny bru. No var det på tide å bytte på ny, Idrettslaget har tatt initiativ og handla inn impregnert materiale og spurt om løyve til å hogge nokre solide tre til bærebjelker.
Transporten av materialane frå rasteplassen til byggeplass var den enklaste jobben. Eit lite skilt der ein bad turgåarar ta med plankar oppover og jobben var gjordt unna på to dagar. Ei stor takk til alle som har bidratt.
NYTTÅRSMARSJ
- Detaljer
- Skrevet av SiljeF.Ø
- Treff: 124
Grendalaget ønsker saman med Idrettslaget å bidre til at vi startar det nye året med litt mosjon blanda med utetid og sosial samvær. Kva er då bedre enn ein nyttårsmarsj med nokon stopp innover vår nye tursti i Sørmarka?
Det vil vere anledning for barn å vere med på JULEGAVEJAKTA innover turstien. Det er hengt opp ulike postar med spørsmål som ungane ilag med voksne kan delta og få flotte premiar. Ingen aldersgrense!!!!
Turen startar ved Båthavna der ungane får utdelt ark og penn og det er mulighet å få kjøpt seg ein fakkel som vil lyse opp turen og gjere den endå koselegare. Deretter går turen innover Sørmarka. Det vil vere anledning til å få seg noko varmt å drikke samt noko godt å bite i på ulike stopp i skogen. Kanskje vankar det ein overraskelse eller to???
Turen går i ein sirkel og endar ved servicehuset på stranda der det er utdeling av premiar til ungane og ein varm kaffi til dei voksne.
Vi minner på at ein må vise hensyn til FHI sine smittevernsreglar og holde avstand. (https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/)
Vi håpar å sjå deg på Nyttårsmarsjen Fredag 01.01.21 kl 15.00-17.00
Julekonsert i kyrkja
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 101
Skulemusikken og Koriander har spelt inn julekonsert i kyrkja.