Tenning av julegrana
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 203
I dag første søndag i advent blei julegrana i sentrum tent.
Med koronarestriksjonar blei det ikkje gang rundt grana, men skulemusikken var på plass og skapte god stemning blandt dei frammøtte.
På parkeringsplassen foran Liseth Elektro var det laga minimarked med salg av diverse egg, lefser, pølser og litt til.
Julegrantenning
- Detaljer
- Skrevet av SiljeF.Ø
- Treff: 188
Søndag 29.11 er det første søndag i advent, og i tradisjonens tru så blir det tenning av julegran i Eikefjord sentrum. Vi startar kl 16.00 der vi stiller med bålpanne og serverer gratis gløgg og pepperkake.
Kl 17.00 spelar Eikefjord Skulemusikk nokre juletonar for oss, og julegrana vert tent. I år vert det ikkje gange rundt julegrana, vi må stå på avstand og sjå grana bli tent og synge med på julenotane. Oppfordrer at ein held seg til sine vanlege kohortar.
MINIMARKED
Under julegrantenning i år vil vi få deg i ekstra julestemning ved å tilby skikkelig god gammeldags julemarked med sal av julenek, pølser, lefser og egg.
Sollaug Sæterlid stiller med heimebaka lefser med fyll av smør, kanel og sukker. Ein herlig godbit du berre må sikre deg.
Brito Spekemat kjem med sine rikholdige pølser og spekeprodukt.
I tillegg kjem Støylen egg som tilbyr økologiske egg frå Hyen.
Og vil du lage skikkelig julestemning for både deg og fuglene, kan du kjøpe julenek av god kvalitet.
Det kan vere godt å komme seg ut og treffe sambygdingar på ein slik dag, trass ein må halde seg litt på avstand.
Vi må minne alle om å ta hensyn, er du sjuk eller har symptomar på luftvegsinfeksjon, må du halde deg heime. I år må vi stå i ro å beundre treet, ikkje gå rundt det. Det blir satt opp diverse sperringar og vi ber alle om å respektere det, det gjeld også parkering.
Vi gledar oss og håpar vi sjåast!!!
Vegarbeid på vegen mot Førde
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 221
Fram til 19.november skal cirka 3,5 kilometer med nytt autovern på plass på strekninga mellom Eikefjord og Naustdalstunellen, ifølge entreprenøren som skal gjere jobben, Arvid Gjerde AS.
Arbeidet er venta å vere måndagar i tidsrommet frå 13.00-22.00, tysdagar og onsdagar frå 07.00-21.00 og torsdagar frå 07.00-16.00.
I desse tidsromma vil det difor vere manuell dirigering på delane av strekninga der arbeidet held på.
Dei gamle med trestolpe er ikkje lenger godkjende. Nytt autovern får no stolpar i stål, og i tillegg skal endane gjerast sikrare for å unngå at bilar kan bli kasta over autovernet ved ei eventuell ulykke.
Lyn slo ut Eikefjord og stengde Sundefjellstunellen
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 192
Like før kl sju i dag tidleg slo lynet ned. Lynet førte til feil på kraftlinja og strømmen i Eikefjord blei borte i 15-20 minutter.
Same lyn førte også til signalfeil i Sundefjellstunellen og tunellen blei automatisk stengd. Etter nokre minuttar var Vegvesenet på plass og kunne opne tunellen igjen.