Tur i Sørmarka
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 300
Turstiprosjektet i Sørmarka kom denne veka eit langt steg mot ferdigstillelse. Bruene frå Brødrene Aa vart levert og montert. No kan vi endeleg ta turen uten å vasse gjennom Sørelva. Prosjektledelsen smilte frå øyre til øyre når dei kunne spasere trygt over bruene.
No gjenstår litt grusing før stiane blir offisielt opna neste lørdag kl 14. Bli med og opplev desse fine stiane i ein trollsk natur.
Løkkebø kraftverk opna
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 192
Torsdag stod varaordførar i Kinn kommune, Sidsel Kongsvik for den offisielle opninga av Løkkebø kraftverk. Ho var positivt overraska over kor små inngrepa var i naturen.
Når det kjem til inngrep i naturen, så står fram kraftanlegget som eit eksempel på korleis ein kan ta naturen i bruk utan å gjere store naturinngrep. Vatnet går i ei 300 meter lang sjakt rett frå inntaket og til kraftstasjonen. Dei gongane det er tørt i terrenget og lite vatn i fossen, vil alt vatnet gå i fossen og kraftverket vil stå i ro. Dei gongane det er mykje vatn i fossen meiner utbyggaren at fossen er like imponerande som før, då kraftverket berre nyttar ein liten del av vassføringa.
Løkkebø kraftverk har ei fallhøgde på 152 meter. Det skal produsere 6 GWh årleg, noko som svarar til 300 husstandar.
Skulemusikken fortset
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 162
- Det gjekk over all forventning og enda slik eg håpa.
Det seier styreleiar i korpset, Cathrine Holsen Gardner til Firdaposten. Torsdag kveld møttes musikantar og korpsforeldre for å diskutere stoda rundt det 54 år gamle skulemusikk-korpset i Eikefjord.
- Signala var tydelege frå både foreldre og ungar: Alle vil dra lasset og forsøke å rekruttere fleire medlemmer til korpset, seier Cathrine vidare.
Allereie torsdag er det klart for øving, både for korpset og for aspirantane. Vi har rom for fleire, så det er berre å kome. Dersom det er ungar i Norddalsfjord, i Naustdal eller andre bygder som har lyst å bli med oss, så er dei sjølvsagt hjarteleg velkomne.
Sørmarka
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 530
Turstiprosjektet i Sørmarka gjer store framskritt og før helga vart platningen på den mest gjørmete delen av stien ferdig. No er det berre bruene som gjenstår før ein kan gå tørrskodd gjennom heile traseen.
Lørdag 5/9 kl 14 vil Idrettslaget markere åpning av turstien. Så gode turgåar, set av denne dagen til eit hyggeleg møte i Sørmarka.
Det er også lagt opp til ein tur gjennom heile traseen.