Fartsmåler i Kvalvika
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 411
Det er sett opp fartsmålar i Kvalvika. Når du svingar av i krysset vil du med ein gang få beskjed om du køyrer for fort.
Dette er eit tiltak for å holde farten nede når det blir ekstra trafikk til industriområdet på Nesjane
Lyngbrann
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 256
Politiet melde om lyngbrann i Eikefjord torsdag ettermiddag. Lyngbrannen var ute i Høyvika og var under kontroll før brannvesenet var på plass.
Front mot front ved rasteplassen
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 282
To bilar frontkolliderte ved Rasteplassen idag i 16.30 tida.
Personen som var åleine i bilen skal ha vore medvitslaus og seinare vakna til. Personen er no sendt med luftambulanse til Førde sentralsjukehus.
Dei to personane i den andre bilen skal ikkje vere skadde og blir sett til av helsepersonell på staden, opplyser Frode Kolltveit i Vest politidistrikt til Firdaposten.
Vegen forbi rasteplassen var ei tid stengd på grunn av ulykka.
Innertier for Idrettslaget
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 345
Idrettslaget sin turapp har vist seg å bli svært populær på kort tid. Med mobilen i hand kjem folk seg ut av sofaen og ut i terrenget.
På stien frå Sørgard mot Knapstad var det torsdag ettermiddag reine folkevandringa. Det var nesten kø for å komme seg inn i sektoren for å registrere oppmøte.
Også på støylane er det registrert stor auke i trimmarar.
Einaste minuset med mange turgåande i veiret vi har no er gjørmete og glatte stiar. Vær forsiktig.
For å bli med på moroa må du laste ned appen Trimpoeng, registrere deg og melde deg på Eikefjord IL sin konkurranse.
GOD TUR