Eikefjord kyrkje 200 år!
- Detaljer
- Skrevet av Hilde J.E.
- Treff: 5298
200 årsjubileum for Eikefjord kyrkje 22.september
Sogn og Fjordane fylke 250 år
Eikefjord kyrkjelyd og soknerådet har gleda av å invitere til kyrkjefest:
Jubileumsgudsteneste kl.1100 i Eikefjord kyrkje med biskop Halvor Nordhaug og prost Reidar Knapstad og lokale prestar. Organist Lisbeth Hovland, musikere, Koriander og kor frå Eikefjord skule. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes helsar i samband med fylkesjubileet. Takkoffer: Kyrkjelydsarbeidet.
Festsamvær etter gudstenesta på Allhuset med matservering og helsingar (ordførar), ymse program og kulturelle innslag, konfirmantjubilantar og møte med tidlegare tilsette. Hjartleg velkomne til feiring av kyrkja vår!
Rørande mottakelse på stadion
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 3088
Terje Lyngstad vart møtt av fleire eikefjordingar som sprang dei siste ti kilometerane i lag med han på laurdagens etappe.
Når Lyngstad runda svingen ned til Eikefjord Stadion vart han møtt av Eikefjord Skulemusikk og koret Korriander som spelte og sång «Påfulgsangen», som Lyngstad sjølv har skrevet teksten til.
Overvelda
– Eg vert heilt overvelda. Det er utruleg rørande å bli tatt i mot på denne måten. At folk spring i lag med meg langs vegen sett eg utruleg stor pris på, seier Lyngstad til Firdaposten
Tambar-Eikefjord i Naustdal
- Detaljer
- Skrevet av Fotballgruppa
- Treff: 1186
I dag måndag spelar A-laget til Eikefjorden viktig kamp i Naustdal mot Tambar kl 19.00.
Eikefjorden har 28 poeng, medan Tambar ligg på topp med 29 poeng. Begge lag har tre kampar att så vinnaren her har ein fot i neste års 4.div.
Møt opp i oransje fargar og støtt tangotrøyene er då oppfordringa:)
Sirkeltrening
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 1137
Friidrettsgruppa startar opp med sirkeltrening i morgon tirsdag 17./9 kl 20.
Dette er allsidig styrketrening som passer for alle i alle aldersgruppar