Galne prisar
- Detaljer
- Skrevet av NinaL
- Treff: 1030
Gode kunde. Vi vil invitere deg til "galne prisar og ditto damer", i kveld, fredag 24/1 frå 20.00-24.00.
-50% på ALLE kle til dame.
-50% og -70% på ALLE kle til barn.
-Stativ med damekle; 100, 200 og 300 kr.
Dinna kvelden kan du kombinere våre galne prisar på kle med hyggelig selskap og gode venninner i kaffeen. Vi lager ein nyttårsbuffet med ulike rettar vi er glade i. Er du ein av våre trufaste fans så er du ved å dele dette og invitere med deg nokre venninner med å lage ein god butikk i Eikefjord. Vi har masse flotte, aktuelle kle inne, men trenger å realisere dei for å kunne fornye oss :-) ta ein tur innom våre album på facebook, eller Miinto for å sjå utvalget :-)
Ha ein nydeleg dag :-)
Ikonar til Eikefjord kyrkje.
- Detaljer
- Skrevet av Dag L
- Treff: 1000
På søndag 26.januar kl.1600 er det ei stor hending i Eikefjord kyrkje. For da er det innviing og framsyning av 2 ikonar til Eikefjord kyrkje. Dei er laga av Robin Johansson, ein ikonmalar i Sverige.
Soknerådet bestemte i fjor å kjøpe 2 nye ikonar til kyrkja. Etter ein godkjenningsprosess og tilverking er dei nå endeleg på plass. Og store er dei, 40 X 60 cm, og det kan også seies at den eine ikonen er gåva frå Flora kommune til kyrkjejubileet.
Ikonar (betyr bilete) har sin opphav i gammal kyrkjekunst frå den første kristne tid, særleg frå den austlege kyrkja. Og nå får også Eikefjord kyrkje del i den flotte ikon tradisjonen.
Sprell levande torsdag 23/1
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 984
Torsdag kl 17.30-18.30 er det igjen "Sprell levande" i kyrkja.
Eikefjord basket fortsatt ubeseiret
- Detaljer
- Skrevet av B- Ball
- Treff: 1115
Eikefjord basket spelte i dag mot Bønes frå Bergen. Dette ble ei jamn kamp dei to første periodene der Eikefjord lå under 37 - 36 ved pause. Vi var dårlege i forsvar og klarte å mobilisere ved starten av 3 periode.