Brøytebilen utfor vegen
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 2731
Brøytebilen til Per Bortheim Transport køyrde utfor vegen i Svarthumla fredag, bilen stod inntil fjellveggen nokre hundre meter vest for Naustdalstunnelen. Den var ikkje til direkte hinder for trafikken.
Det var snøfall, men forsåvidt gode kjøreforhold på staden, sa ein trafikant til BT.
Per Bortheim Transport har brøytekontrakt på Rv5 på strekninga inn til Svarthumle vest for Naustdalstunnelen.
Vi vil gjerne In-spire're deg :-)
- Detaljer
- Skrevet av NinaL
- Treff: 1322
Hei alle gode :-) Endelig kom julesnøen vil nokon seie, sjølv om ikkje alle klappar i hendene over snømåking og vedfyring, så kosar iallefall mange ungar seg ute med skigåing og aking, og får raude friske roser i kjakane :-) I morgon arrangere In-spire og Eikefjord Aktivitetsgard, Borna sin dag, eit fellesprosjekt med gardsbesøk på Hovland og nissegraut på butikken.
Dette er eit av dei tinga vi gjer for å skape trivsel og aktivitet i bygda, for å kunne glede, men og for å kunne få økonomi i bedrifta.
Innkøyring til skulen sitt område
- Detaljer
- Skrevet av NinaL
- Treff: 1788
På forrige FAU møte på skulen vart det diskutert problemstillinga kring trygg ferdsel for elevar og tilsette, og tilkomst til skulen. Foreldrearbeidsutvalet vil be alle brukara av skulen om å respektere skiltet om innkøyring forbudt. Dette forbudet gjeld heile døgnet, og det er for at borna og ungdommane våre skal ferdast trygt på skulen.
Skiltet har stått der ei tid, og ein opplever at ikkje alle har fått dette med seg, derfor informerer vi her på Eikefjordnett. Forbodet gjeld ikkje røyrslehemma og varelevering.
Helsing FAU ved Eikefjord Skule
Mistanke om promille
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 1108
Politiet mottok melding kl 1918 om ein bil som køyrde vinglete og hadde vore i grøfta. Personbilen kolliderte med midtrabatten i krysset RV 5 og FV 614 ved Grov.
Det var ingen personskade, men bilen fekk materielle skader. Føraren ein mann i 30 åra, vart tatt med til blodprøvetaking. Sak er oppretta av Flora politistasjon.