Trimbua offisielt opna
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 1401
Trimbua er no offisielt opna og på lørdag var det open dag med presentasjon av aktivitetane. Mange fant vegen innom treningslokalene og leder i friidrettsgruppa Andre Høyseth skreiv inn minst 15 nye medlemmar i Trimbua. I tillegg til tidlegare medlemmar i Trimbua og styrkegruppa er det no mellom 50 og 60 som kjem til å trene i desse lokala. I tillegg har Trimbua sirkeltreningar på skulen kvar tirsdag kl 20.
Elevbedrift kjem med magasin i desember
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 1071
10. klasse på skulen har sett seg eit høgt mål. Dei skal lage eit tema-magasin der fokus er på lokalt stoff. Behovet for kompetanse til bedriftene i Eikefjorder også tema og korleis ein kan utdanne seg for å komme tilbake til Eikefjord.
Klassen har delt seg inn i redaksjon og markedsavdeling og dei har høge ambisjonar med eit budsjettet på 200 000. Overskuddet skal gå til klassetur til heile gjengen til Scarborough på austkysten av England.
Magasinet kjem ut første veka i desember.
Eikefjord Basket får god motstand i Svelgen
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 2800
Eikefjord basket skal spele mot Ulriken frå Bergen i morgon laurdag 2 november kl14.30 i Svelgen idrettshall. Ulriken er en av dei store basketklubbene i Norge, dei har spelt i eliteserien i over 30 år. Ulriken spilte forrige sesong i 2 divisjon så dette kan bli ei tøff kamp.
Dag Nybø spilte for Ulriken i 13 år men er no spelande trenar for Eikefjord så det blir spennende å møte igjen si gamle klubb. Eikefjord har begynt sesongen i 3 divisjon meget sterk med 4 seire og er dei einaste i 3 divisjon utan tap.
Vel møtt til kamp, gratis inngang
Bingo 1.nov
- Detaljer
- Skrevet av SiljeF.Ø
- Treff: 1289
Klar for ny bingorunde?? Imårra vert det atter bingo på samlingsheimen, Storbebru kl 19.30. Ta med deg ein venn, eit familiemedlem eller din kjærest og kom på bingo og vinn flotte premiar. 2 bingorunder og mulighet til å kjøpe noko godt i pausen.
VEL MØTT.