Narkosak starta her
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 1416
Deler av saka vart først kjend etter at politiet stogga ein bil i Eikefjord 11. juni i 2012. I bilen fann dei 1,2 kilo hasj og 9000 kroner. Dette funnet gjorde at påtalemakta no kan presentere ein omfattande tiltale.
– Omsetninga dei står bak har stort sett skjedd i Sunnfjord, opplyser statsadvokat Nogva til NRK, utan at han no vil gå inn i detaljar om saka. Mellom anna skal politiet ha brukt såkalla kommunikasjonskontroll på eit tidleg stadium i etterforskinga av dei tre austeuropearane.
Stoltzen og Floramila
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 1551
Helgas beste prestasjon på idrettsfronten må være Solveig Svardal sin klasseseier i Stoltzen.
Også i Florø var det ein god gjeng eikefjordingar som tok utfordringa med både 5 og 10 km.
Resultat ser du nedanfor.
Jubilantane ordna kyrkjemuren
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 1469
Ein del av kyrkjemuren mot aust var i dårleg forfatning, men det var ikkje tid å reparere den før kyrkjejubileet.
3 av 50 års konfirmantane tok saka i egne hender og lørdag var dei på plass med ei lita gravemaskin og la muren fint tilbake på plass.
Odd Rune Sørbø, Helge Aalen og Atle Barlund får ei stor takk frå soknerådet for fint initiativ og godt utført arbeid.
Bilder frå kyrkjejubileet
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 5659
Her kjem bilder frå kyrkjejubileet. Det var ei fin markering av kyrkja sine 200 år og markeringa av fylket sine 250 år glei fint inn i kyrkjejubileet.
Sjelden ser ein så mange geistlege på innmarsj i kyrkja vår. Lars Terje Standal og Hilde Joveig Ellingsund er med som representanter for Eikefjord Sokneråd.