Kritikk til omsorgssektoren
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 116
I haust fekk Magnhild Vassbotten (100 år) nok. Ho bestemte seg for å skrive eit brev til Kinn-ordførar Ola Teigen der ho skildrar kvardagen på omsorgstunet. «Eg klarer meg ikkje åleine og treng hjelp til alt», skriv ho, og fortel om tilsette som har det hektisk. Dei tilsette gjer ein kjempefin jobb, men dei må springe heile tida
«Her er det mange som strevar», «Det går på helsa laust. Gjer noko med det», skriv ho i brevet, før ho avsluttar med: « Eg er 100 år, men kva hjelp det».
Vevstudio
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 214
Gunnvor Dagny Berge har opna vevstudio i Eikefjord. Tidlegare i haust hadde ho kurs der deltakarane lærte seg kunsten å veve filleryer.
Gunnvor har ti vevstolar på plass i studioet og mange andre hjelpemiddel for å lette arbeidet frå forberedelser til ferdig produkt.
Gudstjenester i julehelga
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 127
Det er eit spesielt år og slik blir også gudstjenestene i jula.
Julafta er det familiegudstjenester både kl 14 og kl 16.
1. juledag er det høgtidsgudstjeneste kl 12
Nyttårsafta forenkla gudstjeneste kl 23
Det er berre plass til maks 50 i kyrkjene, men ikkje påmelding i Eikefjord. Ein møter berre opp og skriv seg inn på lista så lenge det er plass.
Tenning av julegrana
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 201
I dag første søndag i advent blei julegrana i sentrum tent.
Med koronarestriksjonar blei det ikkje gang rundt grana, men skulemusikken var på plass og skapte god stemning blandt dei frammøtte.
På parkeringsplassen foran Liseth Elektro var det laga minimarked med salg av diverse egg, lefser, pølser og litt til.