Kollisjon i Svarthumla
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 417
To bilar har kollidert i Svarthumla på Rv5.
Det er to personar involvert, den eine personen er i 20åra og den andre i 50åra. Begge er frakta til sykehus i ambulanse.
Naustdalstunellen var ei tid stengd, men blei opna igjen når ein fekk overblikk over skadeomfanget. Bilane er no fjerna frå ulykkesstaden.
Les også Firdaposten og Firda
60 mill til bruene på Hovland
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 470
I førre veke, under arbeidet med budsjettet for 2020, vedtok eit samla fylkesting i Vestland ei løyving på 60 millionar kroner til utbetring av tre bruer langs fylkesveg 542 Hovlandsvegen. Dette er dei tre bruene som er høgt oppe på verstinglista i fylket.
– Dette er ei utruleg kjekk julegåve til Eikefjord. No har vi oppnådd ein særs viktig milepæl med tanke på realisering av gang- og sykkelveg frå skulen og vestover, seier leiar Brigt Samdal i gang- og sykkelstigruppa til Eikefjord grendelag.
OPEN HALL
- Detaljer
- Skrevet av EIL Hovedstyret
- Treff: 385
Eikefjord idrettslag inviterer bygdefolk til aktivitet i den flotte fleirbrukshallen vår i romjula 2019.
Torsdag 26.12 (2.juledag)
Kl.10.00 -13.00 Leik og moro for små og store
Kl.14.00-18.00 Fri aktivitet
Fredag 27.12 (3.juledag)
Kl.10.00-13.00 Leik og moro for små og store
Kl.14.00-18.00 Fotball-Basket-volleyball
Lørdag 28.12 (4.juledag )
Kl.10.00-13.00 Leik og moro for små og store
Kl.14.00-18.00 Badminton
Helsing EIL Hovedstyret