Skiløyper i Eikefjord
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 6
Det er ein mannsalder sia sist, men no har Vidar Knapstad og Jan Olav Endestad køyrt opp skiløyper i Eikefjord.
Eine løypa går frå rasteplassen og ut på markene på Hovland.
Den andre løypa går frå Idrettsplassen og ut på markene i Kvalvik.
Nyt løypene mens du kan, snøen varer ikkje evig.
Eikefjord Treningssenter
- Detaljer
- Skrevet av CatGar
- Treff: 18
Nedlegging av skular
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 28
Fredag er det møte i oppvekst- og kulturutvalget i Kinn kommune. På sakskartet står endring av kommunal forskrift om opptaksområde.
Denne endringa må ut på høyring.
Blir endringa vedtatt blir Steinhovden og Stavang skular lagt ned og elevane flytta til Eikefjord.
Svart løype til Eikefjordstøylen
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 85
Vandring frå rasteplassen i Eikefjord er blitt svært populært. Spesielt er turen opp til Eikefjordstøylen brukt av mange.
Vinterstid med frost går denne stien frå å være ein fin rekreasjon til å bli svært farleg. Is legg seg på berg og spesielt i Rømmeskåra er det farleg. Mister ein fotfeste her ber det rett utfor ein hammar og i beste fall ender det med brudd.
Minimum utstyr for ein sikker ferdsel er gode broddar, men sjå til at piggane under ikkje er avrunda på grunn av slitasje.