Blandt dei verste i fylket
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 345
Dei tre bruene frå Kvalvikkrysset mot sentrum er komme på lista over dei verste bruene i fylket.
Bruene på Hovland har vi dokumentert dårleg bereemne. Dei er sikra midlertidig for å hindre at noko skal skje med dei. Det er gjordt midlertidige tiltak for å sikre dei, medan ein ventar på midlar for å gjere noko. Det er tømmertransport på bruene, så ein kan ikkje berre sette ned bereevna utan å ta omsyn.
Eikefjordingen 2
- Detaljer
- Skrevet av SiljeF.Ø
- Treff: 366
I postkassa di har det nå dala ned opplag nr 2 av "Eikefjordingen". Har du ikkje fått den kan du hente eit eksemplar på Spar butikken. Har du ikkje postkasse i Eikefjord området og ynskjer dette opplaget ~ gi oss ein melding så kan vi få ordna det God lesnad i julestria
Julekonsert 22. desember kl. 19.30
- Detaljer
- Skrevet av Mona Ø S
- Treff: 447
Tradisjonen tru inviterer Koriander, Eikefjord skulemusikk og Eikefjord sokneråd til julekonsert i Eikefjord kyrkje siste søndag før jul. I år har Koriander invitert med seg Brandsøykoret, så det blir eit stort kor som skal synge. I tillegg får vi høyre Andreas Taklo på piano, Bjørn Wilhelmsen og Ann Kristin Takle Winthertun og sjølvsagt får du høyre O Helga natt framført av Brigt Samdal. Vel møtt til konsert!
Turstiprosjekt i Sørmarka
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 814
Eikefjord IL har ei tid jobba med turstiprosjekt i Sørmarka. No er også deler av finansieringa på plass. Denne veka vart leder i Idrettslaget innvitert på kaffi og mottak der ein sjekk på over 200 000 frå Gjensidigestiftinga.
Traseane er ferdig planlagt så no kan dugnadsarbeidet ta til.
Stien til Knapstadbakkane er ikkje med i prosjektet.