Tambar-Eikefjord i Naustdal
- Detaljer
- Skrevet av Fotballgruppa
- Treff: 953
I dag måndag spelar A-laget til Eikefjorden viktig kamp i Naustdal mot Tambar kl 19.00.
Eikefjorden har 28 poeng, medan Tambar ligg på topp med 29 poeng. Begge lag har tre kampar att så vinnaren her har ein fot i neste års 4.div.
Møt opp i oransje fargar og støtt tangotrøyene er då oppfordringa:)
Sirkeltrening
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 917
Friidrettsgruppa startar opp med sirkeltrening i morgon tirsdag 17./9 kl 20.
Dette er allsidig styrketrening som passer for alle i alle aldersgruppar
Flott serieopning i basket
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 1040
Eikefjord basket vant to kamper i Bergen laurdag. Våre to litauiske spelare Saulius og Marius storspelte og det er lett å sjå at disse to er vant med å spele på eit høgt nivå. Eirik Hjalte debuterte og spelte for første gong ein basketkamp og han gjorde ei god figur. Kjekt var det også sjå igjen Christoffer som tok turen frå Stavanger for å spele med oss.
Kveldsforedrag
- Detaljer
- Skrevet av SiljeF.Ø
- Treff: 887
I forbindelse med at løpekongen Mensen Ernst kjem til Eikefjord vil det verte kveldsforedrag med Kenn Halstensen -"trening og ernæring" på In-Spire kl 18.00. Teatersjef Terje Lyngstad vil også holde eit foredrag.
Det vil bli servert enkel fingermat. Gratis inngang. Velkommen!!!!
Mensen Ernst løpet er ei innsamling til Kreftforeninga og EIL har dermed gitt i gåve 1000,- kr til dette formålet. Oppmoder andre idrettslag om å gjere det samme.