Skulen med på verdensnyhet
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 166
Numetry er eit spelet skal vise 9-12-åringar i heile verda at matematikk både er morosamt og nyttig. Kristoffer Hundershagen begynte i 2018 prosjektet rundt spelet og no er han klar for lensering. Hundershagen har hatt mange med seg i utviklinga av spelet og nokon finn ein her i Eikefjord.
Spelet er testa ved Skei, Viksdalen og Eikefjord skule, som har vore pilotskular dei siste månadane. Det at vi får teste spelet først blant elevane gjer at det er ein redusert marknadsrisiko når vi lanserer, fortel Hundershagen til Firda.
Trafikkulykke på Tonheim
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 239
Mandag ettermiddag var det ei alvorleg trafikkulykke på riksvegen mot Florø. Ein bil kom ut for asfaltkanten og havna i fjellveggen i svingane rett innanfor dei fråflytta gardane på Tonheim. Det var ingen andre involvert i ulykka.
Passasjer vart sendt med ambulansehelikopter til sentralsykehuset i Førde medan sjåføren vart sendt med ambulanse. Skadeomfanget er ikkje kjent.
Vi fortsetter dugnaden
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 187
Turstiprosjektet går med store skritt framover. Det gjenstår litt grusing og så har prosjektledelsen bestemt seg for å bygge nokre av dei våtaste partia med platning. Her treng vi hjelp. Materialen må fraktst frå Skaret og innover stien.
Trillebåre står klar og det er berre å ta dugnaden når det passer. Dette er god trim.
Trimsuksess i særklasse
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 403
Eikefjord IL har frå 6.april til 31. juli hatt gåande eit prosjekt der deltakarane kunne samle trimpoeng rundt Eikefjord. Turane har vore lagt opp svært variert med turar i sentrumsnære områder, men også i bygdelaga rundt Eikefjord.
Totalt var det lagt ut 51 turposter med eit spenn frå Sundefjellet, Sandvika, Steindal, Ramsdalsheia, Løkkebø og Blånipa.
"Poengruta" vart Inste og Yste Knapstadstøylane, Knollane, Eikefjordstøylen, Hovlandstøylen, Kvalvikstøylen, Bakkane og brua på Stien. Denne turen gav 45 poeng og vart mykje nytta.