Trafikkulykke i Langedalen
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 190
Politiet melder om ei trafikkulykke i Langedal ca kl 18. Ein bil har kjørt i fjellveggen, men førar er bevist og oppegåande.
Firdaposten melder at føraren var ei kvinne i 60-åra. Ho blei sjekka av ambulansepersonell på staden. Det var ei tid manuell dirigering på staden.
Hallen får tippemidler
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 193
Spelemidlar er fordelt og Kinn kommune har totalt fått 11,5 millionar. Idrettshallen er innvilga med 4,2 millionar kroner.
Tursti Sørmarka fekk ikkje midlar i denne omgang.
Det at vi får så mange avslag, heng saman med at vi har jobba godt med søknadar om spelemidlar over tid. Vi har mange søknadar inne, som vi fornyar år for år. Nokre av desse har ligge i to-tre år allereie, men du må rekne med å måtte søke i fire-fem år før du får spelemidlar, seier kultursjef Myhre til Firdaposten.
Trafikkulykke i Svartdalsvegen
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 183
Politiet melde om ei trafikkulykke i Svartedalsvegen i Eikefjord. Det rette er sansynlegvis Svardalsvegen
Ein bil har kjørt opp på et autovern og tippet over på eine sida og ligg i vegbanen. Det var kun fører i bilen som er ute av bilen og bevisst. Nødetater på veg. Det er passering for mindre kjøretøy på staden. Vegen var også ei tid stengt.
Bilfører, mann i 30-åra, blir så langt tilsett av ambulansepersonell på stedet. Ingen mistanke til påvirkning.
Ukjent årsak til ulykka på dette tidspunkt.
Jonsok feiring på stranda
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 279
Som annonsert blei opptakta til Jonsokfeiringa i Eikefjord litt forskjellig frå det som har vore tradisjonen dei siste åra.
Bilkortesjen som var annonsert var ikkje det heilt store, men honnør til dei som stilte opp.
På stranda var det samla godt med folk som kosa seg i god avstand frå bålet. Det var sett opp og tent på griller så folk kunne grille pølser og anna grillmat. Kiosken var også open for salg av forfriskninger.