Blånipa blir ikkje opna på Eikefjord appen
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 262
Det er i år uvanleg mykje snø i fjellet. Den vanlege ruta opp til Blånipa er endå snølagt. Etter oppfordring av lokalkjent blir ikkje Trimpoeng appen på Blånipa opna 1. juni.
Som ein ser av bilde ligg snøen i hallinga ovanfor Nipevatnet. Eit feilskjær her og ein kan havne utfor hammaren. Idrettslaget vil ikkje oppfordre nokon å gå i dette terrenget før det er snøfritt. Alt etter veir framover kan dette ta opp mot ein månad.
God tur på alle dei andre turmåla.
Stien blir ferdig bit for bit
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 357
Stiprosjektet i Sørmarka blir no ferdig bit for bit. Onsdag ettermiddag vår ein god gjeng i gang med grusing av eit stykke lengst inne i marka. Spa grus opp i trillebårer, trille grusen og rake den ut på stien går som ein drømm når ein er eit godt arbeidslag.
I morgon fortset dugnaden kl 18 lengst inn i skogsvegen frå Sørmarka.
Du er hjarteleg velkommen
Slør på Vikafjellet
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 300
Mandag kveld oppstod eit naturfenomen som ein sjelden ser. Tåka la seg som eit slør over heile toppen av Vikafjellet.
I følge gamle veirmerke skal dette varsle godveir.
Gjere det lettare å flytte til Eikefjord
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 691
Trond Ove Hopen har engasjert seg i grendelaget etter at han flytta hit for to år sidan . Ei av sakene han brenn for er ein inngangsport – ein nettstad – retta mot andre som vurderer å flytte til bygda. Denne nettstaden er Trond Ove og grendelaget no i ferd med å utvikle.
– Det er klart, eg som sjølv er tilbakeflyttar ser at det manglar ein oversikt tilpassa andre som er i same situasjon som vi var i; ein oversikt over kva som faktisk er av eigedom til sals her i Eikefjord. Men ikkje berre det, den må også fortelje noko om kva bygda har av aktivitetstilbod, skuletilbod og barnehage; i det heile all informasjon som andre som ønsker å flytte heim att til Eikefjord treng, seier Trond Ove til Firdaposten.
Etter dei opplysninger som kjem fram i denne reportasjen skal grendalaget starte ein paralell til eikefjord.net som har vore Eikefjord sin kanal i meir enn 20 år.