Trimsuksess i særklasse
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 437
Eikefjord IL har frå 6.april til 31. juli hatt gåande eit prosjekt der deltakarane kunne samle trimpoeng rundt Eikefjord. Turane har vore lagt opp svært variert med turar i sentrumsnære områder, men også i bygdelaga rundt Eikefjord.
Totalt var det lagt ut 51 turposter med eit spenn frå Sundefjellet, Sandvika, Steindal, Ramsdalsheia, Løkkebø og Blånipa.
"Poengruta" vart Inste og Yste Knapstadstøylane, Knollane, Eikefjordstøylen, Hovlandstøylen, Kvalvikstøylen, Bakkane og brua på Stien. Denne turen gav 45 poeng og vart mykje nytta.
Eksotisk stølsoppleving
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 270
Eit av sela på Hovlandstøylen stod stort sett tomt. Ola Øren såg det eksotiske i dette og har lagt det ut på Airbnb så turister kan få oppleve korleis det er å overnatte langt oppe på fjellet.
På grunn korona situasjonen er det ikkje så mange turistar, men Ola håpar det blir travlare når reiselivet opnar opp
Men heilt stilt har det ikkje vore. Nyleg kom ein gjeng danskar på overnatting. Dei traska opp til støylen i tøysko og finklede.
Airbnb i sentrum
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 217
Nina Liseth held no på å få ny aktivitet i Inspire-lokala. Det blir bygt om og skal bli utleigerom som skal leggast ut på Airbnb,
I januar i fjor kom meldinga om at ho la ned butikken, og sidan har kafedelen blitt brukt til stort sett møtelokaler. Denne delen og kjøkkenet kan gjestane bruke, men det vil fortsatt være ope for møter.
På grunn av coronaristriksjonar blir det i første omgang lagt ut eit familierom slik at berre ei familie kan besøke staden om gangen. På sikt vil det bli utvida til fem dobbeltrom.
Ansiktsløftning på stranda
- Detaljer
- Skrevet av SiljeF.Ø
- Treff: 249
Stranda vår har fått ny sand!! Den er no dekt av behageleg skjelsand langt utover grunna til glede for store og små føtter. No håpar vi på at sumaren byr på mange flotte finværsdagar på den flotte stranda vår.
Eikefjord Grendalag vil rette ei stor takk til Ramsdal Maskin for godt utført arbeid!
Vi sjåast på stranda.