Brdrene Aa skal bygge båtar på Nesjane
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 183
Brødrene Aa skal igjen bygge båtar i Eikefjord. Etter oppkjøpet av verftet i Eikefjord har dei laga strukturar som har vorte eksportert til Kina, men no skal dei bygge heile båten ved verftet.
– Det var vel på tide, det er snart 30 år sidan det kom nybygg frå Eikefjord, seier administrerande direktør i Brødrene Aa, Tor Øyvin Aa, til Firdaposten.
Aa fortel det delvis kjem av kapasitetsutfordringar ved anlegget i Hyen, men målet er å bygge nybygg også i Eikefjord i åra framover. Det betyr at dei har behov for fleire folk, og no søker dei etter folk i produksjonen.
Sikrar ikkje skulemiljøet godt nok
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 241
På grunn av at Eikefjord barne- og ungdomsskule over tid har ligge noko lågare enn nasjonalt når det gjeld kategoriane meistring, trivsel og motivasjon på 10. årssteget i Elevundersøkinga har Fylkesmann hatt tilsyn med Eikefjord skule.
Tilsynet gjaldt heilt konkret skulen sin aktivitetsplikt for å sikre at elevane har eit trygt og godt skulemiljø, og plikta til å undersøke og setje inn tiltak eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø.
Regulering på Nesjane
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 249
Ramsdal Maskin AS og konsulent iVest Consult hadde i vår eit oppstartsmøte med kommunen for å regulere meir areal til industri innanfor areal avsett til industri i kommunedelplan Eikefjord.
Kommunen gav då melding om at tilrettelegging for meir industri og meir trafikk på Nesjane krever at det blir gjort noko med tilkomsten til området. Tilkomstvegen er bygd for mange år sidan, det manglar gangfelt og der er bustader langs denne vegen.
Kommunen vurderer difor at ein vil legge rekkefølgekrav om tilfredstillande løysingar for mjuke trafikanter før ein kan gje løyve til meir industri.
Premiering av Trimpoeng
- Detaljer
- Skrevet av OddA
- Treff: 263
Med nedstenging av Norge og stengte treningsfasiliteter fekk idrettslaget ei utfordring. Kva no? Løysinga var rett utanfor stuedøra til alle i Eikefjord, ta i bruk naturen.
Med appen Trimpoeng klarte idrettslaget å få «alle» ut av sofaen, også mange av dei som tidlegare ikkje var å finne på stiane i skog og fjell. Med konkurransen om å ha mest poeng blei det reine folkevandringa, spesielt på poengruta mellom Knapstadstøylane og Kvalvikstøylen med mellomliggande stadar.
På åpninga av Tursti Sørmarka var det høgtidleg utdeling av diplom og premier til turfolket. Det var registrert 453 turdeltakere og det var 51 turmål i Eikefjord IL sin konkurranse. Monica Knapstad vart til slutt suveren vinnar med heile 4002 poeng.