Start: Rasteplassen Riksveg 5 Følg turbeskrivelse mot Eikefjordstøylen opp til Stølsbrua. |
Vanskegrad: God sti. Bratt på ski |
Knapstadstøylen er eit godt utgangspunkt for vandring i indre deler av fjellet nord for Eikefjord. Grøneheia, Grøneheivatnet, Silornipa er fine utflukter herfrå. |
Her på stølsbrua på stien til Eikefjord-støylen er eit fint utgangspunkt dersom du har tenkt deg på Knapstadstøylen. Stien innover er godt merka og lett å følge. |
Du kjem opp frå stien nede i skogen og herifrå og innover er det mykje berg og lett å gå. På bildet er Eikefjord-støylen oppe til høgre |
Her er det greitt å gå innover. Ver litt opps her i begynnelsen. Det er glatt der vatnet renn over berget. |
Eit stykke inne i Betnene skal ein krysse over myra og opp på ryggen til høgre i bilde. Oppe på ryggen følger ein stien innover, og snart er du på Knapstadstøylen. |
Så er vi på Knapstad-støylen. Du kjem over haugen og går ned til sela. Postkasse for fjelltrim står nede i flata. Stien til Instestøylen går frå postkassen og rett over myra. (Ikkje merka) |
Det er også ein fin tur å gå vidare innover fjellet til Inste Knapstadstøylen som ligg rett nedanfor Grøneheia. |
Det blir lagt ut informasjon og bilder av stiar i Eikefjordsområdet denne fjellweben. Dette er meint som hjelp til dei som ikkje er kjent i dette fjellområdet. Informasjonen skal brukast saman med fjellvettreglane og andre omsyn som må takast i fjellet. Dei ansvarlege for informasjonen som er lagt ut fraskriv seg eitkvart ansvar for ulykker og andre uhell som kan oppstå ved bruk av informasjonen på desse sidene. |
Copyright: Odd Asle Endestad