Start: Garasja innanfor idrettsparken Er ofte brøyta vinterstid |
Vanskegrad: Traktorveg, rød vandrer på |
Turen frå Garasja innanfor Stadion er merka med røde stolpar og trekantar. Dette er ein av stiane i Gamle ferdselsvegar mellom Eikefjord og Norddalsfjord.
Hovlandstøylen er den lettast tilgjengelege støylen i Eikefjordsområdet. |
Ein grei måte å komme seg opp til støylen er å starte turen ved garasja innanfor idrettsbana. Her er det også gode mulegheter for å parkere bilen. Turen går så langs traktor-veien oppover lia helt opp til støylen. Ein kan følge begge traktorvegane herfrå. Merka løype går opp til undergangen midt i bildet og fortset så oppover lia. Ein kan også starte på rasteplassen og følge merka sti og deretter traktorvegen oppover. Tredje alternativ starter på Inste Hovland og følge Hovlandsvegen opp mot Hogane. Følg skilting. |
Ovanfor gardane på Hovland ligg Bakkane, eit fråflytta småbruk. Her deler traktorveien seg i to. Den lettaste og merka løype er å fortsette langs traktorveien ovanfor småbruket. Den raskaste og tyngste veien går den gamle stølsstien dit pila viser. Da traktorveien er lett å følge oppover vil dei neste bilda vise nokre punkt på den brattaste stien. Denne traktorvegen er grei både for ski og sykkel. |
Når ein kjem hit skal ein ta ein skarp sving til høgre og fortsette opp denne skåra. NB. Bildet er tatt ovanfrå Ein skal så forbi vannledningen og vidare langs kanten. |
Stien går vidare opp gjennom dette granfeltet. Stien kan være litt utydelig her, men går godt an å følge. |
Den lengste kneiken er unnagjordt når ein er kommen på Løype. Her kjem traktorvegen opp og den bratte stien kjem opp nedanfor grana til høgre i bildet. Stien følger no traktorvegen vidare oppover. Partiet ein no skal inn i går jamnt på mota med nokre kneiker inn i mellom. |
Dette er Stølsbakkjen og den siste bakken som skal forserast før ein har nådd målet. |
Ikkje bli skremt, for når du rundar toppen og går nokre meter ønsker stølsfossen deg
Velkommen til Hovlandstøylen.
Her er det muleg å bade i elva til venstre på bildet, eller det er eit godt utgangspunkt til turar vidare oppover i fjellet. Strandanipa, Flatenipa, Nipevatnet, Blånipa og Eikefjordstøylen er vanlege utflukter herifra. |
Kartet går opp til Løype. Herfrå er det berre å følge traktorvegen til støyls. Den gamle traktorvegen herfrå er meir kupert, men også den er grei å gå oppover.
Det blir lagt ut informasjon og bilder av stiar i Eikefjordsområdet denne fjellweben. Dette er meint som hjelp til dei som ikkje er kjent i dette fjellområdet. Informasjonen skal brukast saman med fjellvettreglane og andre omsyn som må takast i fjellet. Dei ansvarlege for informasjonen som er lagt ut fraskriv seg eitkvart ansvar for ulykker og andre uhell som kan oppstå ved bruk av informasjonen på desse sidene. |
Copyright: Odd Asle Endestad