Fredag 10/02-2007. Bølgene har arbeidt med sanden som vart tilkjørt. Det er ikkje enkelt å lage ein slik mur ute i sjøen og forvente at sanden blir liggande på plass. Her må enten muren tettast med duk, eller så må det fyllast på med sand utanfor muren også slik at berre toppen av steinane blir synleg. |
Onsdag 20/12-2006. Det er overleveringsmøte for det nye servicehuset på miljøstranda. Dette er på dagen den dato som er sett opp i kontrakten. |
Fredag 20/10-2006. Firma Jon Strømsnes AS som har bygginga av Servicehuset på Miljøstranda har god framdrift i arbeidet. Utvendig er takhellene begynt å komme på plass og veggane er stort sett ferdige med beisa kledning. Innvendig er alt gjordt klar for støyping både i garderobedelen og lagerdelen. |
Søndag 24/9-2006. Reisverket på Servicehuset komt opp. Huset er beregna ferdig før jul og har to garderober med toalett, handicaptoalett, lagerrom for miljøstranda og eit stort lager til Arvid Sørbø. |
Lørdag 19/8-2006. Volleyball turnering på miljøstranda. Heimesjukepleien vekte mest oppsikt med fantasifull utkledning og like god heiagjeng. |
Fredag 18/8-2006. Arvid Sørbø og fornyingsminister Heidi Grande Røys legg ned grunnsteinen på det nye servicehuset som skal byggast. |
Lørdag 5/8-2006. Badestranda vart flittig brukt heile sommaren. Det var mest ikkje ein dag utan at det var folk å bada. Ungdommen heldt seg mykje ute ved Sørbøbryggja på stupebretta, medan dei yngre heldt seg i fjæra. |
Tirsdag 13/7-2006. Dei eldre ungdommane ville også være med på dugnad. Kenneth Endestad organiserte støypedugnad for volleyballnettet. |
Mandag 10/7-2006. Det tok ikkje lang tid før det støpte området vart tatt ibruk. Ein naturleg samlingsplass for både unge og gamle i finveiret. |
Mandag 3/7-2006. Det er klart for grovstøyping av pirane. Dugnadsgjengane har lagt stålmatter og forskala slik at grovstøypen under hellene kan leggast. Støypen er berre grovplanert for godt feste for støypen som hellene skal leggast i. |
Fredag 23/6-2006. Jonsok feiring med bål på stranda. Kvelden begynte med rømmegraut og anna godt på Allhuset. Njål Hamn kjørte jonsok brudeparet på tur med hest og kjerre før alle fllytta seg bort på stranda for bålbrenning og grilling. |
Lørdag 17/6-2006. No er det klart for luftige stup. Dugnadsgjengen har montert stupebrett så no er det berre å kaste seg i det endå kalde vatnet. Det er vidare sett opp kant rundt heile den nederste piren ved Sørbønaustet. Det er også kommen sand på stranda og graset er grønt opp mot vegen. No er det innbydande til å slikke sol og nyte livet på Sørbøen. |
Fredag 9/6-2006. No er det aktivitet på stranda igjen. Den ovendte hesteskoen som skal holde på sanden er lagt med fin beleggingsstein. Stranda mellom hesteskoane er grovplanert så no går det fint an å bruke stranda til bading. |
Torsdag 27/10-2005. Etter badesesongen har det ikkje vore mykje aktivitet. Her er fundament til rullestolrampen støpt |
19/8-2005. Tenning av lys var årets happening på dansen fredagskvelden. Tåka kom og tok ein del av stemningen |
16/8-2005. Hektisk aktivitet med grøfter og kobling av lys før Eikefjord dagane |
Onsdag 3/8-2005. Grendalaget har lagt ut 3 bøyer for å markere grensa for båttrafikk. Innanfor er det dei badande som råder vatnet |
Mandag 25/7-2005. Finveir og mykje moro på stranda. |
Søndag 3/7-2005. Graset er begynt å spire på grøntareala og grusen er lagt på nokre av gangvegane. |
Torsdag 23/6. Jonsok tok vi stranda i bruk. Stort bål, mykje folk og nokre som bada frivilleg og ei mor helt ufrivilleg. |
Mandag 8/6. Endeleg fekk vi sleppe til. Det var det dugnad på stranda og strand-promenaden. Molda vart javna og mange plantar vart sette i jorda. |
|
3/6-05. Solnedgang litt etter klokka 10 |
27/5-05. Mesta har begynt å jevne til molda på begge sider av promenaden |
20/5-05. Lars Terje og Per Øyvind inspiserer anlegget. Framdrifta og detaljane må sjekkast så ein ikkje går seg på store overraskingar. |
15/5-05. Mot småbåthavna er det laga til for sjøsetting av båtar. Denne delen av anlegget er alt flittig brukt av båtentusiaster. Dette skal også fungere som ilandstigning for rullestolbrukere |
4/5-2005. No er aktiviteten flytta til strandpromenaden igjen. Piren bort om kirka er nesten ferdig |
29/4-2005. Piren mellom småbåthavna og badestranda er klar. Her er det blitt god plass til å køyre båthengar ned og sjøsette. Vi får håpen sanden ligg etter stormflo og storm. Småbåthavna vil nok ta av for det meste av bølgene. |
21/4-2005. Fortsatt arbeid med å legge stein på piren mellom småbåthavna og badestranda. |
16/4-2005. Hesteskoen er nesten ferdig. Det skal leggast sand oppetter den rette delen av muren slik at det vert større halling på stranda enn før. |
9/4-2005. No tar hesteskoen form. Her er overgangen frå den rette muren innerst til meir liggande mur utover. |
3/4-2005. Det er fylt masse på promenaden frå Eikefjord Elektro og bort til Bakkebua |
28/3-2005. Sjøhuset er sett på land. |
19/3-2005. Sikla som tidlegare rende over badeplassen blir no førd i rør heilt nedom Sørbøbryggja. |
12/3-2005. Nederste del av muren i hesteskoen. Dette vil bli skjult av sand seinare. |
4/3-2005. Nedkøyringa til fjæra ved parkeringsplassen til kyrkja bryt fint av ein lang murstrekning. |
25/2-2005. Per Øyvind Sørbø har sett ut stikker for å vise kor sjøbua skal stå. |
20/2-2005. Fyllinga foran Sjøhuset påbegynt |
11/2-2005. Muren langs strandpromenaden ferdig forbi kirka. |
4/2-2005. Arbeidet på stranda fortset |
30/1-2004. Hallinga på muren langs strandpromenaden blir justert. |
21/1-2005. Mesta flytter aktiviteten bort til stranda. Konturen av hesteskoen er godt synleg. |
15/1-2005. Mesta får kritikk for kvaliteten på muren. Den er ujevn og for bratt. Møte på kammerset pga oppslag på eikefjord.net |
12/1-2005. Gamle posten og bua nedanfor er historie. |
8/1-2005. No er Mesta begynt å fylle stein på strandpromenaden. |
2/1-2005. Det er ikkje kommen meir stein på fyllinga innanfor saga. |
26/12-2004. Det er ikkje fylt stein på badeplassen ennå. |
18/12-2004. Det er stort sett veiret som forandrer seg i Kyrkjebukta. |
12/12-2004. Det skjer ikkje så mykje med fyllingane |
4/12-2004. Fyllinga nedanfor parkeringsplassen ved kyrkja igang. |
8/11-2004. Første lasset med stein blir tippa innanfor saga på Sørbøen. |
|
8/11-2004. Ein historisk dag. Grendalaget, Flora kommune og Mesta skriv kontrakt på prosjekt Kyrkjebukta og miljøstranda. |
|
Alle bilder OAEndestad |