20090425-250-bygstad018Lørdag arrangerte Grendalaget inspirasjonstur til Bygstad for å sjå og lære korleis dei har organisert sin satsing på turisme i bygda. Turen var organisert som ein rundtur på forskjellige gardar i bygda og inntrykka spente frå fortellinger om gravfunn frå 4500 år tilbake og til operastjerna Kiri Te Kanawa som skal komme til Åmot gard.

20090425-500-bygstad005
Første stopp i Bygstad var på "Operagådren" Åmot Gard der bonden kalte seg operabonde og har bytta ut traktoren med flygel på hjul og egen garasje med klimaanlegg. Mest kjent er dei to driftige bøndene for at dei har klart å få operastjerna Kiri Te Kanawa til å opptre på garden. Dei arrangerer også andre kulturbegivenheter med f.eks teater, kunstutstilling osv.

20090425-500-bygstad011

Neste stopp på ruta var Osen Gard som er tusenårsstaden for Gaular. Her fortalte vertskapet om busetnad som dei har funne spor etter tilbake til 2500 år f.Kr. Det er også funne mange spor etter busetnad i andre epoker etter dette og gravrøyser er utgravd på fleire plassar på garden. Kvar gang dei pløyer jorda, særs nær husa, dukkar det alltid opp eit eller anna frå gamal tid.
20090425-500-bygstad012

Vidare gjekk turen til Losna Gård. Dette var eit helt vanleg vestlandsgardsbruk inntil eigarane bestemte seg for å slutte med melkekyr. For å skaffe inntekter til å vedlikeholde bygningar måtte dei skaffe intekter og her kom så gardsturisme inn. Om sommaren leiger dei ut til turister, helst på vekebasis og om vinteren vil dei satse på mindre bedrifter.
20090425-500-bygstad019

20090425-500-bygstad023

Turen gjekk så oppover lia mot Storehesten. Her finn ein Rytne-tunet med sin sjarm og gode utsikt over Bygstad. Her er både hus og løe sett i stand til å motta gjestebud.

20090425-500-bygstad025

Siste stopp på turen var Tønna der Grendalaget hadde bestilt tre retters lunch. Eigar fortalte litt om arbeidet med den gamle tønnefabrikken som idag er eit populært gjestehus i Bygstad.

20090425-500-bygstad032

Bygstad har valgt Vikingfjord som begrepet om felles reiselivssatsing i bygda. Denne felles satsinga skal hjelpe alle til å tene nokre kroner på turisme ved å løfte i flokk. Dei har også fått lagt ein rundtur av "Norway in a nutshell" innom bygda. Her skal turistane få sitte ved dei samme borda som eikefjordingane sat ved på lørdag.

Konseptet er enkelt.

Lag eit produkt - Selg det - Det vil gå som hakka møkk.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2