Eikefjordingane har funne sin måte å feire jonsok på. Først er det matøkt på Allhuset, før jonsokbrudeparet med tog tar sin tur bort om sentrum. Til slutt er det bålbrenning, grilling og moro på stranda.
Maten i Allhuset fekk mykje skryt. Rømmegrauten var berre helt fantastisk, men også kakene smakte noko smilet fortel det meste om.
Jonsokbrudeparet på ridetur mot sentrum. I år var det June Evita Agledal Solvang og Olai Humlestøl som var det heldige paret.
Jonsokbålet sett frå Yste Hovland.
Det var mykje folk samla på stranda. Totalt opp mot 300 feira jonsokafta i sentrum.
Grendalaget har sett opp griller slik at folk kan grille medbrakt. Lars Terje har full kontroll på kjøttstykkene.
Vatten har alltid fasinert dei unge, her i utendørsdusjen.
Bålet gav varme langt utover kvelden