Eikefjord skule fyller i år 50 år. Dette blei markert tirdag med middag på Allhuset for alle elevane i lag med dei tilsette. Deretter var det leikar på skuleplassen med gratis is som premie. Kl 17 var bygdefolket var invitert til underholdning i ein fint pynta gymsal. Også elevane var fint pynta i kler frå 60 talet og framover.
Etterpå gjekk alle til kvart sitt klasserom for å hyggje seg med kake, kaffi og saft.
I gangane var det hengt opp bilder av tidlegare elever og frå arrangement og turer som har vore på skulen. Her er frå lesevake for nokre år sidan.
Også gangen utanfor gymsalen var pynta med mange plansjar. Her kjem Leila Steindal som var den første læraren som tok i bruk nyeskulen. Ho var lærarinne i framhaldskulen som starta før den offisielle opninga av skulen.
Mange elevar venta utålmodig på ismaskina. Etter litt startproblem kom den igang og elevane fekk sin velfortjente is.
Også i gymsalen var det pynta. På vindussida var det mange strikka plagg
I ribbeveggen var det hengt opp finklær som vekte gode minner i mange av oss
Mange hadde pynta seg i fine klær, her Bodil i den flotte korpsdrakta som musikken hadde tidlegare.
På scena drog Heidi Humlestøl Aasen igang med å ønske alle velkomne. Ho las også opp ei helsing frå tidlegare rektor Jostein Midtbø.
På første rekke sat spesielt inviterte tidlegare lærarar ved skulen
Ordførar Bengt Solheim Olsen meinte at bygget hadde gjordt tenesta si og at det var på tide å ruste opp skulen. Han likte godt utstillingane og ynta frampå om det gjekk an å kjøpe ei av dei fine strikkajakkene i utstillinga.
Komunalsjefen var også med og saman med ordføraren overrakte dei ei gåve både til dei tilsette ved skulen og elevane.
Deretter var det sang der elevane i 6. klasse sjølv hadde laga tekstane.
Deretter fekk Sigbjørn Holsen ordet og heldt tale. Han fekk smilet fram hos ordføraren når han lovde han gjenvalg dersom han ordna med ny skule.
Så var det duka for moteshow med klær frå 60 talet og frametter. Dette vart svært godt mottatt av publikum som følgte spent med.
Nedanfor følger nokre av dei som var ein tur fram på catwalen.
Til slutt var det lærarane sin tur å underholde. Dei varta opp med sang og dans.
Etter programmet var det kaffi, saft og kaker på klasserommene.