Eikefjorddagane 2014 vart eit svært vellukka arrangement. Det fine veiret spesielt på lørdag var ein viktig faktor, men vi skal også huske og takke ein dyktig arrangørstab som har ofra mykje tid for å få arrangementet i havn. Ein skal også takke alle som har jobba dugnad for arrangementet, det har vore stor aktivitet i bygda i forkant av dagane.
Tilskuartalet er vanskeleg å beregne, men det var mange innom Eikefjord denne helga. Lørdag var det så mange at betalingsterminalane hadde vanskar med å komme gjennom for å tømme kontoen til kjøpelystne i alle bodene.
Atle Hamar stod for opninga av Eikefjorddagane. Han tala varmt om Sunnfjord som felles bu, fritid og jobbområde før han ærklerte Eikefjorddagane 2014 for åpna. |
Øystein Ekhof hadde nokre musikalska innslag og det var ikkje tvil om at dei aller yngste sette pris på musikken. |
Kakebordet er det store trekkplasteret på åpningsdagen. Kaker frå heile bygda til alle som tar turen innom messeteltet. Det smaka himmelsk, så her vart alle dietter gløymde. |
Skulemusikken er sjølvsagt med når noko skal feirast i Eikefjord. |
Eike er med frå første stund. Starter med gratis is til alle barna. |
Eit av høgdepunkta fredagen er utdelinga av Eikefjordprisen. Dette året var det Reidun Kristin Knapstad og Dag Nybø som delte prisen. Reidun figurerer i toppen av resultatlistene nasjonalt i skyting, og Dag har sett Eikefjord og heile Sogn og Fjordane på Basketballkartet. |
Tradisjonen tru vart også kunstutstillinga åpna. I Magnhildbua hadde Solveig Haukaas utstilling av både bilder og smykker. |
Seinare på kvelden var det underhalding i messeteltet. Mykje skal på plass for ein vellykka kveld |
Eikefjorddagane har satsa på mange aktiviteter for dei yngste. Ansiktsmaling er ein av dei aller mest besøkte og her er kø heile dagen av forventningsfulle barn som ventar på tur. |
4H har stort telt og her er det forskjellige aktiviteter. Spikking er spesielt ettertrakta, men grilling av brød var også spennande. |
Brannbilen er på tur heile helga. Ein tur med blålys og enkelte ul i sirena fenger dei små |
Redningsbåten Elias var populær. Her var køa lang, men moro var det når ein først kom ombord i Elias. |
Nede mot sjøen var også fiskekummane plassert. Spennande å sjå krabbe, hummar og diverse fisker på så nært hald. |
Røde Kors hadde også stand nede på moloen. her fekk dei unge prøve å kaste redningstau godt motivert av premien som sjølvsagt smaka godt. |
Gråtass er eit kjært innsalg i bygda. Den går i skytteltrafikk med store og små heile dagen. Også tohjulingen er på plass og tar barna med på tur. |
Gravemaskina går også jevnt og trutt heile dagen. Her får barn prøve å grav i fjæra under tilsyn, medan misunnlege fedre står på sidelinja. |
Padling er eit nytt innslag på Eikefjorddagane. Her kunne ein være med instruktør på ein liten tur på fjorden og få prøve denne fine sporten. |
Klatring var også ny aktivitet på Eikefjorddagane. Her var det stor aktivitet der ein fekk klatre heilt til topps for så å rappelere ned igjen. Skummelt, men mest moro. |
Flora Motorsportklubb var på plass for å vise kva aktivitet dei har på sitt nye område på Grov. Isabella ønsker alle velkomne til å prøve denne sporten på Grov. På Eikefjorddagane var det kun oppvisning. Yngste motorsyklist var berre 5 år. |
Ovanfor sentrum var hestane på plass, |
Veltepetter var godt besøkt og mange fekk prøve ein rundvelt i trygge omgivelser. Ein fekk verkeleg sjå kor viktig setebeltet var når ein hang opp ned i selen. |
Kjellen var det store trekkplasteret på lørdag. Han drog heile messeteltet og bussholdeplassen full og heldt fullt køyr helt frå han kom på scena. Dette er eit show som folk betaler fleire hundre kroner for å sjå, på Eikefjorddagane var det gratis. |
Heftet for Eikefjorddaagane var så tjukt at det ville ta ukesvis å komme gjennom. |
Enkel humor med banning og steiking, og med enkelte gullkorn inn i mellom. Han var god idag og fekk publikum verkeleg med seg. |
Autografskriving og selfies. Kjellen har funne sitt publikum |
Mat må også lagast. Her er tre unge jenter i full gang med svelesteiking i matteltet i sentrum. |
Grauten gjekk unna. Det var ikkje mange minuttar ei 50 liters gryte varte før den var tom. og ut på lørdagen var det helt tomt for graut. 50 000 i inntekter berre på denne stasjonen er bra. Endå bedre var smaken - dette var skikkeleg god rømmegraut. |
Sunnarvika matstasjon hadde flytta bort til Allhuset og det var stor suksess. Grillen gjekk heile helga og det var til tider trangt rundt borda i teltet. |
Mange var bortom parkeringsplassen ved Allhuset for å sjå Cedrik Fonn Skåre på gocart. Her viser han akselerasjonen foran publikum. |
Full kontroll på gocarten i full spinning. |
Skåre som alt no er ein av norges beste gocartførarar fekk blomster og ein varm applaus for oppvisninga. |
Det blir selt mykkje god mat på Eikefjorddagane. Det meste produsert i nærmiljøet, her representert med røykt laks frå Svanøy |
Billege sportsartikler. Denne karen frå Måløy selde sko heile dagen |
Allhuset kom meir i sentrum med matstasjon like utanfor døra. Her var det salg av husflidsvarer og smykker. Til og med det nye Eikefjordsmykket. |
Levande dyr er ein sikker vinner. Geita til Hans tok livet med ro og let ungane klappe og stryke |
Ein liten kar som godt kunne tenkt seg å være inne med denne dunmjuke familien |
Alltid nokre jenter som hang på rekkverket her og prøvde å gi ein venskapeleg klapp til ponnyane |
Søndag er ein rolegare dag i Eikefjord, men likevel var det godt med folk innom. Olav Stedje var også innom og sang kjære melodier. |
Og det var litt av det gode liv i Eikefjord