2016 08 12 eikeEikefjorddagane blei arrangert helga 12-14 august. Regnet tok dei to første dagane, medan søndagen kom med mykje betre veir.

Besøkstalet bar også preg av veiret. På lørdag var det ikkje så mange som i fjor, men på søndag kom nok mange av dei som blei heime på lørdag.

Ordførar Ola Teigen opna dagane og drog fram blandt anna dugnadsånda og at eikefjordingane presenterte ferdig planlagte prosjekt der kommunen berre måtte bidra med ei lita økonomisk støtte.


2016 08 12 teigen

 Ledar i Grendalaget, Brigt Samdal, leda nok eit vellukka arrangement i hamn.


2016 08 12 skulemusikkenSkulemusikken feirar i år 50 år. Under opninga av Eikefjord dagane blei dei hedra med ein gavesjekk frå Grendalaget.

2016 08 12 graatass opning
Også Gråtass hadde jubileum. I 10 år Hhar denne kjære traktoren køyrt barn på tur gjennom sentrum. Han blei hedra med ei jerrykanne med Gråtass logo.

 

2016 08 12 per pris
Det er stor spenning rundt Eikefjordprisen. I år var det tid for ein av dei som verkleg dreg lasset og har evna til å sette bygda på kartet. Per Øyvind Sørbø er ein av dei som har ein finger med i nesten alt som blir gjordt i bygda.

 

2016 08 12 kake
Så var det tid for kakebord. Bordet bugna av lekre kaker og søtsaker og folk let seg ikkje be to ganger før bordet var omkransa av barn og voksne.
2016 08 12 kakebord

 

2016 08 12 utst befring
Årets hovedutstillar var Aud Julie Befring. Her fant du alt frå krukker til krakker og smykkeskap.
2016 08 12 utst krukker

 

2016 08 12 ytre suloen
Fredag kveld er det kyrkjekonsert, i år med Ytre Suløens Jass-ensemble. Ein verkleg fin opplevelse på denne regntunge fredagen.

 

Barna har alltid stått i fokus på Eikefjord dagane. Her er mange aktiviteter som ein berre må ha med, og tur med Gråtass er viktig å få med.
2016 08 13 graatass
Gråtass i regn og Gråtass i finveir, her er alltid mange som vil være med.
2016 08 14 graatass

 2016 08 13 4htelt
4-H teltet er godt og varmt sjølv om regnet piskerute. Nysteikt pinnebrød smakar også godt. Utanfor kunne ein mikse sin eigen smoothie, for eiga maskin.
2016 08 13 4hsmoothie

2016 08 13 gravemaskin

2016 08 14 ansikt

2016 08 14 kajakk

2016 08 14 svanhild

2016 08 14 sauNokre av aktivitetane for barn på bilda over. Alltid noko å ta seg til.

Det var også lagt opp til å vise fram gamalt handverk.
2016 08 13 tonne

2016 08 14 aktiv garn


2016 08 14 aktiv smed

Her kunne ein sjå tønneproduksjon, garnbøting og smed.

50 års jubilanten var sjølvsagt i fokus denne helga. Dei starta torsdag med kurs ved Ytre Suløens Jass-ensemble. Fredag var dei på Nesjane der dei fekk låne kantina. Fokus på kurset var å lære å spele utan bruk av notar. Alle deltakarane strålte av glede og Ytre Suløens var fantastisk gode å lære frå seg.

2016 08 13 skulem sentrum
Resultatet kunne vi høyre i sentrum og på scena i kulturteltet. Det svinga godt.
2016 08 13 skulem scena

2016 08 13 skulem takk
Ein god takk for vel utført arbeid.

2016 08 14 skulem drill

Også Florø Drill var med å feire skulemusikken sine 50 år. Flott oppvisning av fleire tropper.

Utstillarane har også ein stor plass på Eikefjord dagane. Nokre kjem igjen år etter år -
det er kjekt å være her.

2016 08 14 salg aase

2016 08 14 salg garn

2016 08 14 salg keramikk

2016 08 14 salg lefser

2016 08 14 salg polser

2016 08 14 salg skinn

2016 08 14 luer

Mange artige og mange nyttige artikler å velge mellom i dei forskjellige bodene.

Hjerteprosjektet hadde også avduking av monter ved skulen. Rådmann Terje Heggheim fekk det ærefulle oppdraget, godt hjelpt av damene rundt monteren.
2016 08 14 hjerte avduk

2016 08 14 hjerte gro
Gro Rukan kunne stolt sjå resultatet av prosjektet ho har dratt igang og nyte Rap-en frå skuleplassen.
2016 08 14 hjerte rap

2016 08 14 hjerte lage
Inne på skulen kunne ein gi sitt bidrag til hjerteaksjonen.

2016 08 14 robaat
Det var knytt stor spenning til trekkinga av robåten. Den heldige vinnaren blei Rolf Endestad som vil ro den heim til Florø.

2016 08 14 grill

Mat er viktig på Eikefjord dagane kan ein kjøpe billig grillmat og graut. Det er eit fantastisk stort dugnadsløft å holde alle besøkande med mat.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2