ImageStrålande solskin møtte Eikefjordingane og alle dei andre som hadde tatt turen inn til sentrum idag. Heilt frå åpninga med Skulemusikken har det vore eit myldrande folkeliv i og omkring sentrum der det har aktiviteter av forskjellig slag.
Fesjå med krøter av forskjellig slag fasinerer alltid dei helt unge. Det var også utstilling av geiter, griser, høns av forskjellig raser for å nevne nokre av dyra på utstillinga.


ImageEllers var det mange aktiviteter for barn rundt om i heile sentrum her med riding. Det var også plassert ut fiskekummer, laga rebusløp i fjæra, transport med hest og kjerre, kjøring på 4-hjuls motorsykkel og turer med brannbil og ambulanse.
For andre var utstillingane åpne, det var mange salgsboder, kaffi og kaker, rømmegrøt, grillmat med lokale kokker og lokal produsert ingredienser, bilutstilling av Ford, Citroën og Honda, båter på Langedalskeia der Forsvaret, Redningsselskapet og Havrafting var representert.
ImageDet store trekkplasteret denne dagen var Jern-Jørn sitt forsøk på personleg rekord i markløft. Her ser vi han med 340 kg på stanga. Rekordforsøket på 360 kg kom ikkje heilt opp og vart underkjent av Jern-Jørn sjølv. Speaker Brigt Samdal meinte det burde godkjennast for vektene var godt klar av podiet.
På dansen om kvelden var over 400 personer innom og fekk svinge seg til SpikAdel sin musikk.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2