20240408 Steinvik FiskPå Steinvik Fiskefarm Visningssenter.

Steinvik i Høydalsfjord. Godt skilta frå Eikefjord.

4. mai kl. 11.00 – 17.00.

Hald av denne dagen til dette fine, populære familie- arrangementet!

Endeleg er vi klare for vår 10. gang med Open Dag på Steinvik Fiskefarm Visningssenter. Her vert gratis inngang og aktivitetar for heile familien, og mange nye spennande aktivitetar også.

Ta turen med heile storfamilien!  Sjå programmet her :

KOM , SJÅ  OG  OPPLEV : Steinvik Fiskefarm Visningssenter sin OPEN  DAG :

LAURDAG  4. MAI , Klokka 11:00 -17:00

Under Open Dag kan du oppleve fleire ulike aktivitetar som:

  • Utstilling frå oppdrettsnæringa – ver med på quiz på Visningssenteret.
  • Sjå auren i mærane, og berggylte, torsk og sei i eigen tank.
  • Fiskekonkurranse for barn – vi har fiskeutstyret. NB! Ta med eigen redningsvest for dei minste 0-6 år.
  • NYTT i år : Båt-turar med raftingbåtar i lokalområdet! -Gratis for alle, aldersgrense 12 år, 8-12 år i følgje med foreldre.

Utanom dette har vi også meir program :

  • Utstilling og besøk av veteranbilar.
  • Veteranbåten Atløy kjem.
  • Stand/demonstrasjon av livredding på sjøen v/Røde Kors.
  • NYTT i år : Redningsselskapet kjem med ELIASBÅTEN, stand og mykje meir.
  • NYTT i år : 4H kjem med smoothie-sykkel.
  • Sal av grilla laks, kaffi, kake og drikke v/Steinhovden Grendalag til inntekt for Grendahuset i bygda. Rikelege med sitteplassar ute og inne.
  • Trekking av premiar på inngangsklistermerke og diverse
  • Og kanskje har vi anna spennande program også!

GRATIS  INNGANG  OG  AKTIVITETAR.  ALLE  VELKOMMEN!

Sjå også : www.steinvik.no og Facebook : Steinvik.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2