Hefter med program og omtale av Eikefjorddagane er klart og vil bli distribuert i postkassane i næraste framtid.
Nyheter 2022
I lengre tid har turvegen gjennom Hamna vore stengd på grunn av ei falleferdig bru. Idrettslaget og grunneigar gjekk saman og har laga ein ny sti langs elva.
Mykje finare å gå der enn på vegen gjennom tunet i Hamna.
Nokre parti er litt bratte, men det er lagt på hønsenetting så det er ikkje glatt sjølv med våte plankar og langs elva er det ein idyllisk spasertur.
Du er no hjerteleg velkommen å gå denne biten av tursti Eikefjord som idrettslaget har gått i bresjen for å etablere.
I natt klokka 02.20 fekk politiet melding av folk som hadde høyrt fleire smell i Eikefjord.
– Det er vanskeleg å seie kva det kan vere. Om det stammar frå ein bil, kinaputtar eller gevær, seier Kolltveit til Firda.
Smella skal ha gitt seg etter kvart. Politiet reiste ikkje ut, men Kolltveit seier at lokalt politi truleg vil følge opp hendinga.
No er det ikkje lenge igjen til Eikefjorddagane 2022 brakar laust, og etter to år med pandemi er endeleg dei originale Eikefjorddagane tilbake for fullt! Det heile startar fredag 12. august kl 17 med det berømte kakebordet.

Vegtrafikksentralen Vest melder tysdag føremiddag på Twitter at det har komme ned steinar RV 5 ved Storebru.
Raset skal vere omtrent 500 meter før Storebru, ved avkøyringa til Hyen, melder politiet.
– Entreprenøren skal vere like rundt hjørnet, og så er det tilkalla geolog, fordi det er komme ned frå fjellsida. Difor ønskjer ein å sjekke fjellsida. Men trafikken går i eitt felt, så vegen vil ikkje bli stengd medan dei held på.