Eikefjord SkuleOppvekst og kulturutvalet i Kinn kommune har sendt forskrift om opptaksområde for skulane i Kinn kommune på høyring, med høyringsfrist 16.02.2022.

Skulane i Stavang og Steinhovden er freda fram til sommaren 2023. Men i sitt framlegg til ny skulebruksplan går kommunen inn for å legge dei ned. Bakgrunnen er at framskrivninger av elevtalet viser at det vil falle drastisk i åra som kjem. Elevane vil bli overført til Eikefjord skule.

I samband med dette inviterer Kinn kommune til informasjonsmøte på følgande datoar

måndag 24. januar kl. 18.30–20.00 på Eikefjord barne- og ungdomsskule
tysdag 25. januar kl. 18.00–19.30 på Steinhovden skule
torsdag 27. januar kl. 18.00–19.30 på Stavang skule

Informasjonsmøta vert gjennomført i samsvar med gjeldande smittevernreglar, og vi oppfordrar alle til å ta omsyn til dette.

Utdrag frå høyringsutkastet til Kinn kommune:

Med heimel i Opplæringslova § 8-1 vedtek Oppvekst og kulturutvalet i Kinn kommune slikt høyringsutkast som framlegg til kommunal forskrift om opptaksområde for skulane i Kinn kommune, med verknad frå 01.08.2022:

8. Steinhovden skule vert lagt ned, og opptaksområdet vert lagt til Eikfjord barneog ungdomsskule sitt opptaksområde, med verknad frå 01.08.2023.

9. Stavang skule vert lagt ned, og opptaksområdet vert lagt til Eikefjord barne- og ungdomsskule sitt opptaksområde, med verknad frå 01.08.2023.

10. Eikefjord barne- og ungdomsskule sitt opptaksområde femner om bygdene til grense Sunnfjord kommune i aust og sør og Grov i vest.

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu