Hanne basketHanne Løkkebø Nybø signerte i dag for Lincoln University Missouri, der ho dei neste 4 åra skal studere og spele basketball. Ho har fått eit scholarship i basketball.

Dette har lenge vore draumen til Hanne, å gå på college i USA og spele basketball.

Ho begynte si karriere i Eikefjord basket der blant anna det første jentelaget tok sølv i Hansa cup. Så fortsatte turen til Bergen der ho har spelt for Ulriken Eagles, og gått på Metis videregående skule med toppidrett basket. Ho har vore fast på dei aldersbestemte landslaga sidan ho var 15 år.

Så no går turen til USA der eit nytt eventyr starter. 

Kilde: Eikefjord IL

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu