Tonheim01Tonheim02Ein flott tur til Tonheimslia i nydeleg 1. mai-vêr. Staden viser seg nok vakker til alle årstider, men å vere her på tunet ein tidleg maidag gjer verkeleg godt for sjela.

 


Blåveisen tittar fram mellom steintrappesteg og kvitveisen står så vakkert

Tonheim03
Mektig utsikt med ramme av nysprungen bjørk

Ove Hatleset hadde invitert til Turglede-tur til den nedlagte garden i Tonheimslia. Parkering ved avkøyrsla frå riksveg 5 kunne romme 5-6 bilar, og det skulle halde denne dagen. Det var ikkje så langt opp før vi nådde turmålet, noko bratt, men god veg.

Tonheim04

   Tonheim05

Turmålet: Då vi nådde målet ynskte eigaren av tunet, Kjartan Tonheim, oss velkomne. Han bydde på herleg ramsløk som ein kan finne mykje av i området. Ramsløk både luktar og smakar som kvitløk og passar godt til matlaging. Sjølv om det er mykje av den kvitbloma planten her i liene, er den faktisk ein nær trua plante som i 2021 havna på raudlista i Norge.

    Tonheim07Tonheim06

Kjartan kunne fortelje at på denne garden hadde det budd folk i fleire hundre år. Garden var fram til 1700-talet eit leiglendingsbruk under Svanøy hovudgard slik alle gardar i området var på den tida. I 1662 var det 759 bruk som høyrde til krongodset. (www.snl.no) Tonheim var ein av dei fyrste gardane som vart fråseldt og dermed sjølvstendig bruk på 1700-talet. Det var ikkje berre dette bruket som har vore i lia her, det står også hustufter vidare vestover frå garden.
Det vart fortalt fleire andre historier også her på Tonheim denne 1. mai-dagen. Det var bl.a. imponerande å høyre om enka frå Kalsvik som rundt 1920-åra tok med seg buskapen på nokre kyr, samt ungar, og flytte til seters om somrane i Nordalsfjorden. Då måtte ho ta med både kyr og ungar i båten, ro over til Tonheimsstranda, lesse av der for å gå opp til garden her og vidare over til Nordalsfjorden.

Reidar Høyset kunne fortelje om då Tonheimslia fekk straum i 1954, for han var nemleg med å sette opp mastene her langst stranda. Det var eit vanskeleg og hardt arbeid i bratta, men med smarte løysingar så fekk ein det til. Straum vart det!

Aktivitetar: I lag med barnebarn og naboar hadde Ove laga til fleire konkurransar, både for barn og vaksne. Ove hadde tenkt å lage til mogelegheit for grilling, men det var farevarsel for brann så det vart droppa. Det var veldig kjekt og kreativt med aktivitetane og det var endå eit bidrag til den allereie gode stemninga. Malin stod bl.a. for premieutdeling og kast på boks, Tore Hatleseth stod for quiz og Ove hadde fiska og tørka til tippe-vekt-konkurranse, og premien for nærast gjetting på 720 gram var sjølvsagt tørrfisken

 Tonheim09Tonheim08

 Tonheim10

 

Det var kjekt å vere på tur, godt for kroppen og helsa. Håpar det kjem enno fleire for å bli på neste tur i Knapstadområdet til hausten, då vil vi besøkje ei anna jettegryte.

Vi takkar Ove og dei andre for turen!

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu